Filmframsyning av "Hør her'a" i Pilestredet

Velkommen til visning av filmen "Hør her'a". Drama/komedie som er basert på Gulraiz Sharifs roman med same namn.

Har du lese Gulraiz Sharifs "Hør her'a" og har lyst å sjå filmatiseringa av boka?

Filmen handlar om tenåringen Mahmoud som ønskjer seg er ein avslappande sommar utan mas. Men så kjem onkel Ji på besøk frå Pakistan. Og kven trur du får ansvaret for å vera Oslo-guiden hans? Jo, Mahmoud sjølvsagt. Og ikkje nok med det, veslebror Ali har ein løyndom som snur heile tilværet på hovudet.

Manusforfattar er Erlend Loe, filmen varer i 90 minutt og talespråket er norsk.

Arrangør: Universitetsbiblioteket ved OsloMet og "OsloMet leser!", eit initiativ frå "Eit slitesterkt demokrati" (instagram.com).

Gjennom initiativet "OsloMet leser!" blir studentane og tilsette inviterte til å lese den same boka og delta i samtalar på tvers av fag, erfaringar og perspektiv. Målet er å styrkja fellesskap, refleksjon og dialog ved universitetet. "Hør her'a" er boka som er vald til dette semesteret, neste semester vil det veljast ei ny bok.

"OsloMet leser!" er ein del av forskingssatsinga "Eit slitesterkt demokrati – OsloMet", som utforskar korleis me kan styrkja demokrati, offentlegheit og tillit i møte med aukande polarisering og samfunnsendringar. Lesing og litteratur kan gi innsikt i andre menneskes erfaringar, utfordra eigne perspektiv og bidra til større forståing for usemje og mangfald.

Gratis visning, men meld deg på via nettskjema (nettskjema.no) sidan det er avgrensa med plassar i P32s kinosal.

Kontakt

Laster inn ...