I boka Kampen om samfunnsfaget blir kunnskapsstatus om kva og kven som påverkar samfunnsfaget samanfatt. Alt frå transnasjonale styringssystem til læraren får lys på seg, og nye analysar av fag og makt blir presenterte.
Til sjuande og sist handlar det om kva og korleis elevane skal lære i skolen.
12.30-13.45: Innleiing ved forlagsredaktør Marianne Bjørndal (Pax) og redaktørane Kjetil Børhaug (UiB) og Kim Helsvig (OsloMet). Fire av forfattarane presenterer kapitla sine.
13.45-14.00: Pause.
14.00-15.00: Paneldebatt med kommentator og spørsmål frå salen.
Arrangementet er gratis og åpent for alle.