Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) inviterer til nettverkssamling, der du møter Kjersti Ree-Skrefsrud frå Universitetet i Innlandet, som deler sentrale funn frå forskinga si «Rom for deltaking for nykomne elevar». Ho opnar for refleksjon rundt korleis skolen kan legge betre til rette for fagleg og sosial deltaking – og kva dette betyr i praksis for undervisninga.
I tillegg får vi besøk av Gunhild Tveit Randen, også frå Universitetet i Innlandet og førsteamanuensis 2 ved NAFO, som tar for seg dynamisk kartlegging i grunnleggande norsk.
Vi vil også høyre frå lærarane Linn Olsen (Bjørndal skole), Renata Dzaferi (Tangen skole) og Marianne Gaasø (Marienlyst skole), som vil vise konkrete eksempel på korleis Kartleggingsverktøyet i grunnleggande norsk kan brukast i undervisninga for å støtte språkutviklinga og læringa til elevane.
Samlinga legg vekt på dialog, erfaringsdeling og praktiske verktøy, og gir godt høve til å utveksle erfaringar med kollegaer frå ulike skolar.
Du kan delta enten fysisk på OsloMet eller digitalt.
Det er gratis og delta, og melder du deg på, blir du automatisk med i nettverket.
Sjå heile programmet og meld deg på (nafo.oslomet.no) innan 19. februar.