Openheit i kvalitativ forsking og udemokratiske konsekvensar

Kva praksis for open forsking passar ulike typar fagtradisjonar og kva er utfordringane?

Dei anbefalte retningslinjene er at open forsking er skreddarsydd for metodar i spesifikke fagområde, for eksempel naturvitskap eller hypotesetestande samfunnsvitskap. ReDemOS-prosjektet ved UiO (uio.no) studerer dei utilsikta udemokratiske konsekvensane av Open Science (open forsking), og ser på korleis ein kan revurdere korleis demokratisere kunnskapsproduksjon.

I ReDemOS-prosjektet undersøker dei også forståingar av open forsking, og forventningar til openheit i kvalitativ forsking. Nokre typar forsking på viktige samfunnsutfordringar står overfor hindringar når open forsking raskt blir vanleg å krevje ved prosjektfinansiering, tilsettingar og publisering.

Det kan dermed vere tilfelle der kunnskapsproduksjon paradoksalt nok blir smalare og mindre transparent på grunn av open forsking. Eitt eksempel er korleis praksisar for open forsking påverkar kvalitativ forsking på menneske i sårbare livssituasjonar.

Dr. Agata Bochynska (UiO) kjem for å presentere kort om ReDemOS og bakgrunnen for prosjektet i sin heilskap, og resultat frå ein survey der dei har gjort ei kartlegging av kva praksisar for openheit som passar til ulike typar forsking, og korleis forskarar tenker rundt ansvarleg openheit i kvalitativ forsking.

Om møtet

Temamøtet er hovudsakleg retta mot vitskapleg tilsette, studentar og tilsette innan forskingsstøtte og forskingsadministrasjon ved OsloMet. Men vi ønsker også eksterne velkommen. Arrangementet blir halde på norsk.

Sjølve presentasjonen er frå kl. 11.00 til 12.00, mens tida 12.00 til 12.30 vil bli vigd diskusjon og refleksjon rundt kva som er presentert med meir lågterskel samtale.

Arrangør: Symploké – nettverk for forskingsdatahandtering (ansatt.oslomet.no) ved universitetsbibliotekarane Marianne Wehus og Camilla Holm Soelseth.

Spørsmål? Kontakt nettverket på e-post.

Ta med deg matpakka for fagleg og matnyttig påfyll!