Konferanse: Skap inkluderande og mangfaldige leseopplevingar

Velkommen til konferanse og relansering av NAFO sine fleirspråklege forteljingar.

Er du interessert i bøker, forteljingar, lesing og formidling i eit fleirspråkleg perspektiv? Er du nysgjerrig på korleis ein kan inkludere fleire språk i barnehage, skole, vaksenopplæring og bibliotek gjennom fleirspråklege bøker og forteljingar?

NAFO inviterer til konferanse for å inspirere med praksisnære innlegg frå feltet, konkrete tips om formidling, faglege innlegg og kulturelle innslag. Det blir servert lunsj, og konferansen er gratis.

Leseglede gjennom fleirspråklege forteljingar frå heile verda

Konferansen blir arrangert av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet, med fleire spennande bidragsytarar frå feltet. 

NAFO ønsker å bidra til auka leseglede gjennom forteljingar frå heile verda på ulike språk. Fleirspråklege forteljingar har lenge vore ein viktig del av NAFO sitt arbeid. I 2025 har vi styrkt dette arbeidet for å inspirere endå fleire i barnehage, skole, vaksenopplæring og bibliotek til å skape inkluderande og mangfaldige leseopplevingar.

Program

Parallellspråklege bøker - språkglede og språkmangfald

Parallellspråklege bøker er ein fantastisk måte å skape språkglede og leseglede på.

I dette innlegget viser vi fram både parallellspråklege bøker for dei minste barna og parallellspråklege dikt for ungdom og vaksne.

Vi les på to språk, viser fram bøkene og korleis bøkene kan brukast og formidlast til glede for eit mangfald av lesarar.

  • Hayder Jumaah er formidlar i Stiftelsen LESE. Han har brei erfaring i å formidle fleirspråkleg litteratur for både barn, ungdom og vaksne, og har eit sterkt engasjement for mangfald i litteraturen.
  • Hanna Bovim Bugge er konstituert nestleiar i Stiftelsen LESE. Ho har hovudfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og har jobba med utvikling av både bøker og formidlingsprosjekt i snart 20 år. Parallellspråklege bøker er eit av hjartebarna hennar, og ho står bak både Parallell-serien og formidlingsprosjektet Krysspunkt.

Fleirspråkleg lesekultur i barnehagen

Innlegget handlar om lesing med barnehagebarn, og samarbeid mellom barnehage og heim.

Presentasjonen er basert på forsking frå samarbeidsprosjektet Sprell, der lesing på fleire språk både i barnehagen og heime står sentralt.

Vi vil legge vekt på kvifor det er viktig at alle barn deltar i lesing, og korleis dei vaksne rundt barna har ei grunnleggande viktig rolle. Vi vil gi konkrete eksempel på korleis barnehagen og foreldre kan arbeide saman for ein inspirerande fleirspråkleg lesekultur i barnehagen.

Målet vårt er å bidra til å bygge ein felles kunnskapsbase for oss som jobbar med barn og lesing, slik at vi kan finne gode og berekraftige løysingar for vidare arbeid.

  • Trude Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt lesesenter ved Universitetet i Stavanger. Forskingsinteressene hennar omfattar blant anna barn sine forteljingar, deira deltaking i språk- og leseaktivitetar og lesing og implikasjonar av digitalisering. Ho var prosjektleiar i kompetanse- og samarbeidsprosjektet Sprell, og er del av barnehageforskingssenteret FILIORUM sitt leiarteam.
  • Maria Fredriksson er førsteamanuensis ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Universitetet i Stavanger og har ein bakgrunn som barnehagelærar. Forskingsinteressene hennar omfattar blant anna praksisen i den fleirkulturelle barnehagen, med eit særleg fokus på samarbeid mellom barnehage/skole og føresette.

Mårsmålsdag Open Mic: ei skattkiste av språk

I Groruddalen blir det snakka over hundre språk, og derfor samlar Deichman Nortvedt barnehagar, foreldre og tilsette for å dele historier på morsmålet sitt på Morsmålsdagen. Biblioteket blir ein levande møteplass som oppmuntrar til bruk av morsmål og feirar mangfald og fleirspråkligheit.

  • Marta Llaudet Serra jobbar på Deichmann med formidling og kulturprogram for barn. Ho har bakgrunn innan medievitskap, fleirkulturell pedagogikk og bibliotekstudiar. Marta har hjarte for å løfte fram forteljingar som gir oss mot til å vere oss sjølve, med stoltheit i eigen identitet.
  • Parichehr Taheri er litteraturformidlar for barn ved Deichmann, med bakgrunn som tekstilkunstnar og tidlegare lærar. Ho brenn for å skape leseglede og bygge bruer mellom kulturar, inspirert av oppveksten i Iran og livet i Noreg.

Vannlilje på havet – utforsking av den migratoriske traumen gjennom kunstnarisk forsking og formidling

Veronica Salinas presenterer det kunstnariske utviklingsarbeidet bak bildeboka «Vannlilje på havet» (Salinas og Mohammadi 2024). På kva måtar speglar dette litterære verkte migrasjonstraumet og sjølvbiografiske brot? Samtidig vil ho reflektere over det å skape ein narrativ identitet ved hjelp av høgtlesing og dialogisk lesing.

Veronica Salinas jobbar som formidlar og forskar ved Norsk barnebokinstitutt.

Formidlingslaboratoriet er eit nasjonalt prosjekt der ho utviklar og testar formidlingsmetodar i samarbeid med ulike aktørar. Målet er utprøving av ny praksis og forsking for betre formidling av litteratur til og med barn og unge. Sidan 2021 har ho hatt fokus på barn med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, barn og ungdom med kort butid i Noreg, idrettsungdom og barn som bruker norsk teiknspråk.

Ho er forfattar, skodespelar og dramatikar. Ho er utdanna skodespelar og språkvitar i Argentina, og har litteraturutdanning og forfattarutdanning frå Noreg. Salinas har gitt ut fleire bøker på norsk, og er omsett til ei rekke språk.

«Når det gjeld eventyr, har vi for ein gongs skuld feller referansar alle saman» - fleirspråklege forteljingar på ungdomssteget

Anita Vinnord og Thea Hanssen bruker NAFO sine fleirspråklege ressursar i klasserommet. Dei er opptatte av korleis lærarar kan bruke førstespråket til elevane som ressurs i lese- og skriveopplæringa. Dei vil dele kva for nokre gode erfaringar dei har gjort seg og vise fram gode måtar å bruke dei fleirspråklege forteljingane på med elevane. Korleis kan fleirspråklege forteljingar brukast i innføringsklasser på ungdomssteget?

  • Thea Hanssen har tidlegare arbeidd med innføringsklasser i Tromsø på barneskule og på ungdomsskule. No arbeider ho i innføringsklasse og i alfabetiseringsklasse på Voldsløkka ungdomsskule i Oslo. Ho har studert lærarutdanning på UiT med master i samfunnsfag og studerer no norsk som andrespråk på UiO.
  • Anita Vinnord har tidlegare jobba på Hartvig Nissen skole med elevar med kort butid på studiespesialisering. Ho har studert på lektorprogrammet på UiO med nordisk og samfunnsfag.

Relansering av NAFOs fleirspråklege forteljingar!

Fleirspråklege forteljingar har lenge vore ein viktig del av NAFOs arbeid. I 2013 samarbeidde NAFO med Fortellerhuset om formidling av ei forteljing på to språk for første gong. 

NAFO ønsker å bidra til auka leseglede for barn og elevar gjennom forteljingar frå heile verda på ulike språk. I 2025 har NAFO satsa endå meir på bøker, forteljingar, formidling og lesing. Som ein del av satsinga vår på fleirspråkleg litteratur har dei fleirspråklege forteljingane våre blitt reviderte og kvalitetssikra. Vi har fleire spennande nyheiter i samband med dette og gleder oss til å dele dei med dykk!

Elise Wagner Finnanger jobbar som rådgivar på NAFO. Ho er barnehagelærar med fleirkulturell forståing og har fordjuping i arbeid med barn i eit internasjonalt perspektiv og har vidareutdanning i fleirspråkligheit og forteljingsmangfald. På NAFO leiar ho blant anna arbeidde med bøker, forteljingar, lesing og formidling.

Kvifor er det viktig å formidle på morsmålet til barn og unge?

Kvifor er det så viktig at vi formidlar på morsmålet? Gulnara ser nærmare på morsmålsformidlinga som eit barn kan møte i oppveksten sin, samtidig som ho ser på kva slags roller foreldre, barnehagar og skolar, andre institusjonar og generelt storsamfunnet kan ha i betydninga for at barn og unge får oppleve formidling på morsmålet sitt.

Gulnara Bakke jobbar på Nasjonalbiblioteket med tenesta «Det fleirspråklege biblioteket». Har ansvar for ein del av språk og jobbar med tilbod til barn og unge på tvers av språk.

Ein plass i forteljinga, ein plass i fellesskapet

Migrasjonspedagogane i Bergen kommune har over fleire år jobba med fleirspråklege forteljingar i barnehagane.

I innlegget deler dei inspirerande eksempel frå barnehagar som har tatt i bruk fleirspråklege forteljingar for å skape fellesskap mellom språk, menneske og historier.

Beata Mirecka, Ida Andersen Pugerud og Nina Honningsvåg Træet arbeider i migrasjonspedagogisk fagteam i Bergen kommune. Dei tilbyr rettleiing og støtte til barnehagar for å fremme inkluderande praksis og skape eit rikt og trygt språkmiljø for minoritetsspråklege barn.

Kontaktperson

Laster inn ...