Workshop for FBIE- og HDP-lærarar

Velkommen til to dagars workshop for lærarar på yrkesfaga frisør, blomstrar, interiør, eksponeringsdesign (FBIE) og handverk, design og produktutvikling (HDP).

I overordna del av læreplanen i kunnskapsløftet 2020 (LK20) har kritisk tenking, og det at vi skal utdanne sjølvstendige og løysingsorienterte yrkesutøvarar, fått ein sentral plass.

Vi inviterer til spennande innlegg og diskusjonar om spennet læraren står i når dei skal legge til rette for både allmenndanning og yrkesdanning. Korleis handterer dei dette i det daglege arbeidet?

Program

Påmelding

I påmeldingsskjemaet (gul knapp over) finn du informasjon om prisar og påmelding.  

Meld deg på før 12. februar, så får du early-bird prisar.

Program dag 1: rom E200/201, 2. etasje

  • 09.00: Registrering og «mingling» nede i vestre gate, før vi går opp i 2.etg til E200/201
  • 10.00: Velkommen ved studieleiar Hege Anita Danielsen
  • 10.15: Allmenndanning versus yrkesdanning – generiske kompetansar/ nøkkelkompetansar (softe skills) si betydning for å bli gode yrkesutøving, førsteamanuensis Åse Norunn Nedrebø Bruvik, Høgskulen på Vestlandet
  • 11.30-12.30: Lunsj
  • 12.30: Arbeid i workshopgrupper med tema: Fagspesifikke kompetansar (harde skills) versus generiske kompetansar (soft skills) – SØT-analyse med innspel til konkrete tiltak og eksempel på kva de gjer/kan gjere for å styrke den heilskaplege kompetansen til elevane for å bli dyktige fagarbeidarar.
    • HDP rom E210/211 med Torill og Marianne
    • FBIE rom E200/201 med Åse, Trine og Jorunn 
  • 13.30-13.45: Kort pause
  • 13.45: Arbeid i workshopgrupper fortset. Lage ein presentasjon frå kvar gruppe (blir presentert i kvar gruppe kl. 15.00)
  • 14.45-15.00: Kort pause
  • 15.00-16.00: Presentasjonar og oppsummering i dei respektive klasseromma
  • 16.00: Programmet er slutt
  • 18.30 Treretters middag på Olavsgaard hotell. 

Program dag 2, rom E 100, 1. etasje

  • 9.00: Felles innleiing til dagen
  • 09.15: Evaluering av fagfornyinga – LK20 - Sluttrapport 2026, Nasjonale føringar i læreplanverket ved dosent Jorunn Dahlback
  • 10.00-10.15: Kort pause
  • 10.15: Workshop: Kva er intensjonane med vg1 og korleis blir det lagt til rette det på dei ulike skolane for å oppnå god og relevant læring. Ta ein SØT-analyse, og kom med konkrete eksempel på kva de gjer i dag, og kva de tenker skal vere tiltak for å utvikle opplæringa på vg1.
    • HDP rom E210/211 med Marianne og Torill
    • FBIE rom E200/201 med Trine og Jorunn 
  • 11.15-12.15: Lunsj
  • 12.15: Erfaringsdeling i workshopgrupper (same rom som før lunsj)
  • 12.45-13.00: Kort pause
  • 13.00, rom E100, det store auditoriet: YFF – kva seier forskinga? Universitetslektor Marianne Bergskaug Monrad-Krohn og førstelektor Torill Hammeren Møllerhagen
  • 13.20: Spørsmål, innspel og kommentarar
  • 13.40: Evaluering og avslutning 
  • 14.00: Programmet er slutt

Praktisk informasjon om overnatting og middag

Overnatting og middag er på Olavsgaard hotell, Hvamstubben 11, 2013 Skjetten. Buss 340 frå Olavsgaard til Forskningsparken går 6 gongar i minuttet, kvart 10. minutt.

Middag

Middag bestiller du når du registrerar deg. Dette kostar kronar 695,- for tre rettar og drikke, også for studentar.

Overnatting

Rom må kvar enkelt bestille innan 21. mars per e-post: booking@olavsgaard.no. Henvis til OsloMet og kode BK-04064. Romma på hotellet er reserverte for oss fram til denne datoen. 

Ved bestilling etter denne datoen kan vi ikkje garantere at det er plass.

Prisar:

  • Enkeltrom: 1350,- inklusive frukost
  • Dobbeltrom: 1650,- inklusive frukost 

Kontakt

Laster inn ...