Møte mellom fondforvaltar (ESFA & AFI) og EØS-midlenes sekretariat, 26. juli 2026. (fyste rad, Reka Kenesei, EØS-midlenes sekretariat, Sabina Bankauskaitė ESFA, Tereza Østbø Kuldova, AFI).

AFI bidreg med arbeidslivsekspertise i nytt EØS-fond

– Etter eit vellykka oppstartsmøte i sommar er vi i full gang med arbeidet med å lyse ut midlar til prosjekt som skal styrkje partssamarbeid og anstendig arbeid, fortel Tereza Østbø Kuldova ved AFI.

 

Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) ved OsloMet er, saman med det litauiske European Social Fund Agency (ESFA), valt som fondsforvaltar for Fondet for sosial dialog og anstendig arbeid (eeagrants.org), som blir finansiert av EØS-midlane (Norway Grants).

– Den litauiske samarbeidspartnaren vår, ESFA, har omfattande røynsle med forvalting av tilskotsordningar, medan vi ved AFI medverkar med ekspertise innan forsking på arbeidsliv, partssamarbeid, medråderett og den norske modellen, fortel Kuldova, som er forskingsleiar ved AFI og ansvarleg for fondsforvaltingsarbeidet.

– Oppgåva vår blir å følgje opp, hjelpe og evaluere prosjekta undervegs.

I slutten av juli møttest representantar frå EØS-midlane og den nyutnemnde fondsforvaltaren ved OsloMet for å starte opp arbeidet og klargjere den første opne utlysinga av prosjektmidlar. Utlysinga er venta lansert tidleg i 2027.

Prosjekt skal styrkje partssamarbeidet og anstendig arbeid

Fondet gir støtte til samarbeid, kapasitetsbygging og kunnskapsdeling. Målet er å styrkje partssamarbeidet mellom arbeidstakarorganisasjonar, arbeidsgivarorganisasjonar og offentlege styresmakter, og å fremje anstendig arbeid i mottakarlanda.

Arbeidslivspartane og dei offentlege styresmaktene, både i Noreg og i dei andre EØS-landa, er dei primære aktørane i fondet og vil kunne søkje om midlar. Internasjonale organisasjonar, sosiale føretak, utdannings- og forskingsinstitusjonar og organisasjonar i sivilsamfunnet er òg viktige samarbeidspartnarar.

Arbeid i AFI si ånd

– Dette er arbeid i AFI-anda, seier prosjektleiaren, og peikar på at AFI har ei stolt historie med å leggje til rette for samarbeid mellom partane i arbeidslivet. På 60-talet gjorde Thorsrud og AFI seg internasjonalt kjende med dei såkalla «samarbeidsprosjekta» mellom LO og NAF (no NHO), som var med på å leggje grunnlaget for det ein kan kalle «den norske arbeidslivsmodellen».

– Vi ser fram til å samarbeide med den litauiske partnaren vår for å medverke til å styrkje dialogen mellom arbeidstakarorganisasjonar, arbeidsgivarorganisasjonar og offentlege styresmakter, og for å fremje anstendig arbeid i EØS-landa, seier Kuldova.

Ho og kollegaene ved AFI planlegg å møte relevante interessentar denne hausten for å få innspel til arbeidet med utlysinga for 2027.
 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 19.08.2026 | Katrine A. Ziesler