elever arbeider på hver sin side av pulten i skolen.

Ny delrapport om styring av lærarutdanningane

Ei ekspertgruppe knytte til Senter for profesjonsforsking har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet levert ein ny delrapport om lærarutdanningane.

Det finst ei rekkje rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet arbeider ei ekspertgruppe med å sjå på korleis rammeplanane kan gjerast meir overordna og mindre detaljerte.

Dette er meint å gi auka handlingsrom for dei som utviklar utdanningane.

Gruppa blir leidd av Sølvi Mausethagen som er prodekan for forsking og utvikling ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

Senter for profesjonsforsking har sekretariatsansvaret.

Første delrapport «Rammer for styring» vart levert 1. desember, og kan lesast på Regjeringas nettsider (nettsteder.regjeringen.no).

Den endelege rapporten blir levert 1. juni 2024.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 19.12.2023 | Anniken Fleisje