Korleis få til meir forskingssamarbeid?

For å få til meir samarbeid mellom næringslivet og akademia, treng me fleire møteplassar. Intelligent helse skal byggja bru mellom næringslivet og OsloMet, og vidareutvikla samarbeidet mellom privat og offentleg sektor.

OsloMet har sterke forskingsmiljø innan helse og teknologi. Intelligent helse ved OsloMet skal jobba for at brukar- og problemorientert forsking og innovasjon blir gjord i samarbeid med næringslivet, og kjem samfunnet til gode.

Vibeke Telle-Hansen er fagleg ansvarleg på satsinga Intelligent helse ved OsloMet.

– I samarbeid på tvers av sektorar er det viktig at me held oppe ei objektiv tilnærming, og har transparente samarbeidsavtalar, slik forskinga held fram med å vere truverdig, seier Telle-Hansen.

Verdien av samarbeid

– Faktadriven innovasjon skal vera grunnlaget for utviklinga i helsesektoren, og samarbeid mellom akademia og næringslivet står sentralt for å få det til, seier ho.

– Kombinasjonen av dei praktiske kunnskapane, ressursane og marknadsforståinga til næringslivet og den teoretiske djupna og objektive metodiske tilnærming på forskinga har potensiale til å driva innovasjon og løysingar framover, seier ho vidare.

I samarbeidet på tvers oppstår det unike synergiar. Forsking er kritisk av natur, og bidreg til kvalitetssikra dokumentasjon. Det gir innovasjonar som fungerer og som samfunnet har behov for.

– Eit døme frå OsloMet er forskingsgruppa reproduktiv helse hos menn. Dei bruker mellom anna kunstig intelligens for å utvikla analyseverktøy innan in vitro-fertilisering. Dette er eit døme på samarbeid med partar med ulik bakgrunn. Forskingsgruppa blir kontakta av oppstartsbedrifter og etablerte bedrifter som ønskjer samarbeid, rådgiving eller bidrag til å utføra laboratorieanalysar, fortel Vibeke.

Deling av kompetanse er ein av fordelane som oppstår. Dette bidreg til å stryka konkurransefortrinnet og berekrafta til ulike aktørar i samfunnet.

Komplekse utfordringar

Tverrfaglegheit gir nye løysingar og nye måtar å tenkja innovasjon på. Me kan læra mykje av kvarandre og få betre forståing av eit tema gjennom å samarbeida på tvers av ulike sektorar.

Helsesektoren står ovanfor fleire komplekse utfordringar som til dømes:

– Samarbeid mellom akademia og næringslivet speler ei avgjerande rolle for å løysa desse utfordringane, og er viktig for samfunnet, seier Telle-Hansen.

Det tek tid å byggja relasjonar og det tek tid å forstå kvarandres utfordringar. Eit godt samarbeid er tufta på tillit og kommunikasjon. Ved å setja seg inn i kvarandres bransjar og fagfelt aukar ein sjansen til å gjennomføra gode forskingsprosjekt.

Vegen vidare

Det er stort potensiale i samarbeid mellom akademia og næringslivet. Tal viser at helse og omsorg er eit av dei største forskingsfelta i Noreg, men berre ein liten del av forskinga er gjord i samarbeid med næringslivet.

– Forskingsarbeidet til næringslivet har auka dei siste åra, og det er eit aukande ønske å ha akademia som ein partnar i innovasjon. Fleire politiske føringar er tydelege på at samarbeid på tvers av sektorar og fagfelt blir avgjerande for å få til løysingar som samfunnet treng, seier Vibeke. 

I februar 2023 lanserte regjeringa vegkart for helsenæringa (regjeringa.no) som viser ei storsatsing på innovasjon og eksport av helseindustri. Der blir det presisert at "Samarbeidet mellom næringsliv, kunnskapsmiljø og offentleg sektor er viktig for å fremja kunnskapsdeling, omstilling og innovasjon."

Møteplassar ved OsloMet

For å få til meir samarbeid mellom næringslivet og akademia, treng me møteplassar. Intelligent helse skal byggja bru mellom næringslivet og OsloMet, og vidareutvikla samarbeidet mellom privat og offentleg sektor.

– Intelligent helse ønskjer å vera ein fasilitator for møteplassar. Me inviterer til mellom anna konferansar, seminar og workshops, slik at me kan starta dialog og læra av kvarandre, avsluttar Vibeke.

Publisert: 22.03.2024 | Thea Ørneseidet