Inngangen til Pilestredet 42 på OsloMets studiestad Pilestredet

Forskingsmidlar til fakultetet

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium får 12 millionar kroner frå Noregs forskingsråd (NFR) til å utvikle innovative praksisar, metodar og verktøy som fremmar digital myndiggjering i skole og lærarutdanning.

Prosjektet EMPOWERED skal leiast av Louise Mifsud, Katarina Pajchel og Tonje Hilde Giæver. I tillegg deltar Bård Ketil Engen, Siv Eie, Siv Aalbergsjø, Annika Wetlesen og Mona Liland Aabel.

Å vere digitalt myndiggjort inneber å forstå teknologi og algoritmar, utøve kritisk tenking og digital dømmekraft, og dessutan å ha bevisstheit for inkluderande digitale praksisar.

Prosjektet skal skje i samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Helsingfors, Københavns Professionshøjskole og lærarar frå Tenk i faktisk.no. 

I tillegg har prosjektet med seg lærarar frå Nordre Follo, lærarar i Danmark og lærarar i Finland.

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI) er også partnar i desse nye NFR-finansierte prosjekta:

Forskarane

Laster inn ...
Publisert: 07.10.2025 | Siv Tonje S. Håkensen | Foto: Skjalg Bøhmer Vold / OsloMet