Ei gruppe med lærarutdannarar ved OsloMet har gjennom fleire år arbeidd med å utvikle kvarandreundervisning som pedagogisk arbeidsform i lærarutdanninga.
I kvarandreundervisning byter studentane på å undervise kvarandre. I videoen under får du ei rask innføring i kvarandreundervisning ved lærarutdanninga på OsloMet.
Fleire fagseksjonar ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, blant anna pedagogikk, kroppsøving og samfunnsfag, samarbeider om kvarandreundervisninga.
I tillegg har vi etablert eit internasjonalt nettverk innanfor “learning by teaching” som fagfelt. Dette inkluderer blant anna samarbeid med GRAI-gruppa (Grup de Recerca sobre Aprenentatge entre Iguals) i Barcelona som forskar innanfor ein evidensbasert tradisjon.
I mai var vi på rundreise i Tyskland og Sveits for å diskutere mogleg samarbeid med ulike miljø som er interesserte i kvarandreundervisning.
Demokrati, elevansvar og menneskerettar
I Ingolstadt i Tyskland trefte vi professor Jean-Pol Martin som grunnla den tyske kvarandreundervisningsbevegelsen på 1980-talet (sjå bildet øvst i saka). Denne rørsla er kjent som LdL – Lernen durch Lehren.
Diskusjonane i Ingolstadt dreidde seg blant anna om korleis LdL har utvikla seg sidan starten på 1980-talet, og korleis tilnærminga i dag blir knytt til tema som demokrati, elevansvar og menneskerettar.
Vi diskuterte også korleis LdL kan forståast i lys av nyare perspektiv på kollektiv intelligens og kunstig intelligens, og kva rolle slike teknologiar kan spele i framtidas undervisning. Samtalene gav verdifulle innblikk i korleis LdL blir forstått og vidareutvikla innanfor ulike pedagogiske tradisjonar.
Jean-Pol Martin meiner kvarandreeundervisning er ei potent arbeidsform for skoleelevar, som verkeleg utfordrar intellektet.
Innblikk i sveitsisk lærarutdanning
I Bern, Sveits fekk vi observere korleis dosent Bradley Pfau bruker kvarandreundervisning med studentane sine i lærarutdanninga ved Pädagogische Hochschule Bern (PH-Bern).
Opphaldet ved PH-Bern gav oss også høve til å få eit nært innblikk i den sveitsiske lærarutdanninga. Vi observerte lærarutdanningsstudentar i arbeid med undervisningsførebuingar, presentasjonar og tilbakemeldingsarbeid, og fekk sjå korleis kvarandreundervisning blei integrert i læringsprosessane deira.
Vidare besøkte vi ein lokal skole, der vi observerte undervisning i trafikkopplæring og fekk innblikk i korleis pedagogiske prinsipp frå lærarutdanninga kjem til uttrykk i praksis.
Opphaldet inkluderte også faglege samtaler med instituttleiing og fagpersonar ved PH-Bern om utfordringar og moglegheiter i dagens lærarutdanning.
Delte erfaringar frå OsloMet
Som ein del av besøket heldt vi eit foredrag om erfaringane våre med kvarandredreundervisning i lærarutdanninga ved OsloMet. Vi diskuterte korleis dette kan forståast i lys av profesjonell utvikling, Bildung og Lernen durch Lehren (LdL).
Rolf Kristian Baltzersen (t.v.), Thomas Eri og Marc Esser-Noethlichs fortalde om erfaringar med kvarandreundervisning ved OsloMet for tilsette ved Pädagogische Hochschule Bern. Foto: Viktor Müller-Hanssen
Eit uventa høgdepunkt var at representantar frå den norske ambassaden i Bern var med på foredraget vårt etter å ha blitt gjord merksam på besøket. Ambassaden valde seinare å omtale arrangementet i sine eigne kanalar (facebook.com), noko som bidrog til å synleggjere samarbeidet mellom OsloMet og PH-Bern.
Vidare samarbeid
Vi blei einige om å fortsette samarbeidet med Bern, som viste stor interesse for korleis vi jobbar med kvarandreundervisning ved OsloMet.
Reisa bekrefta at kvarandreundervisning er eit felt som vekker interesse på tvers av nasjonale grenser og fagtradisjonar. Gjennom møta i Ingolstadt og Bern fekk vi både nye perspektiv og nye samarbeidspartnarar. Erfaringane vil inngå i vidare utvikling av undervisning, forsking og internasjonalt samarbeid ved OsloMet.