Eit heilskapleg blikk på utdanning og oppvekst
Prodekan for utdanning, Finn Aarsæther, trekte fram breidda i fakultets utdanningar då han ønskte dei nye studentane i år velkommen til studiestart.
– Vi utdannar profesjonsutøvarar som blir viktige personar i livet til barn og unge. Vi har mange eksempel på at læraren, både i barnehagen og skolen, blir "den viktige andre" for barna dei får ansvar for. Teiknspråkfeltet treng dyktige, kvalifiserte krefter gjennom heile utdanningsløpet, og tolkefeltet er avgjerande for inkludering og deltaking i det norske samfunnet. Internasjonale studiar gir verdifull innsikt i nord–sør-problematikk og globale samanhengar, ikkje minst innan utdanningsområdet.
Prodekanen var tydeleg på forventningane til nye studentar:
– Kom til undervisning og bidra til gode faglege dialogar! Engasjerande undervisning krev noko av både faglærarar og studentar. Når du møter førebudd, deltar aktivt og bryner deg på andres perspektiv, aukar læringsutbyttet.
Han la også til at det kjem nye retningslinjer for bruk av KI i september, med klare køyrereglar for korleis verktøya kan brukast på ein god måte i studiane.
Sjølvstendig jobbing som student
– Som student skal du stille spørsmål, utforske og jobbe meir sjølvstendig enn du gjorde på vidaregåande skole. Kunnskapen du tileignar deg skal du bruke både i praksis, i arbeidskrav og på eksamen. Du skal lære deg å tenke kritisk og grunngi vala dine, fortsette Labbiba Batool Akhtar som leier infosenteret til fakultetet.
– Noko av pensum blir gjennomgått i undervisninga, men mykje må du lese på eiga hand, sa ho, og oppfordra studentane til å ta ein titt på student.oslomet.no for nyttig informasjon om studielivet, eller til å stikke innom infosenteret i Pilestredet 42 hvor vi tilbyr drop-in studierettleiing tysdagar og torsdagar 11.00–13.00.
Emneplanen er kontrakten din
Studierådgivar Ellen Holandsli Engenes understreka at emneplanen er OsloMets kontrakt med studentane.
– Sett deg inn i emneplanane for kvart emne i semesteret. Der finn du blant anna oversikt over obligatoriske aktivitetar, arbeidskrav, vurderingskriterium, læringsutbyttebeskrivingar og eksamensform.
Ho minte studentane på å søke om godkjent fråvær frå obligatoriske aktivitetar i god tid ved behov.
Sett deg saman med nokon du ikkje kjenner frå før av
Holandsli Engenes leidde samtale med to studentar som deler konkrete erfaringar frå overgangen til studielivet:
– Overgangen til studielivet var brå, og eg forventa store forelesingar der eg forsvann i mengda. Men lærarane lærte namna våre, og det bidrog til ein tettare relasjon, seier Mali Often som går siste året på grunnskolelærarutdanninga.
Ho oppfordrar studentar til å halde kontakt med venner og familie. Det kan ta tid å finne gode venner.
– I lærarutdanninga har vi ulike emnekombinasjonar og byte klassar på tvers av kol. Då har du gode høve til å finne folk du passar godt med. Å sette seg saman med nokon du ikkje kjenner frå før av, styrker også klassemiljøet, fortalde ho.
Også Tilde Holmvik, som tar ein bachelor i utviklingsstudium og er fadder for internasjonale studentar, var redd for at store forelesingssalar skulle gjere det vanskeleg å bli kjent med nokon:
– Det tok litt tid, men å bli med i ei foreining gjorde ein stor forskjell for min del. Ver frampå, ta kontakt og spør om andre vil sitte saman med deg. Dei fleste blir glade for initiativet, foreslo Often.
På spørsmål om korleis Mali og Tilde balanserer studiar og fritid, anbefalte dei å strukturere tida og sette av tid til lesing – det gjer det lettare å prioritere og finne ein balanse om fungerer for deg.
– Det tar tid å bli sjølvstendig og ta ansvar for eiga læring.
– Og, sørg for å ha oversikt over fråværsgrenser og obligatorisk oppmøte, avsluttar Tilde og Mali.
Begge rår nye studentar til å skaffe seg bøker tidleg i semesteret og å lese seg opp. Det gir eit fortrinn seinare.