– Eg synest det er innovasjon

Homeless World cup er ferdig spelt. For studentar og tilsette frå OsloMet blei det ein arena for meiningsfull kunnskapsutveksling.

Mens sjølve fotballturneringa og livsgleda tok rettmessig plass i forgrunnen, fylte OsloMet arrangementet med relevant, forskingsbasert kunnskap i telt og paviljongar på Rådhusplassen. Aktuell forsking blei formidla frå scena på Nobels fredssenter, mens studentar frå dei helsefaglege utdanningane behandla spelarar med støytar og overtråkk.

Punkt Oslo hadde ei framståande rolle

– Punkt Oslo har laga ein innovasjonsarena midt i byen, for å få kunnskap ut der det skjer. Vi ønsker å vere ekte, nær der utfordringane er og i dialog med dei som opplever utfordringane, seier dagleg leiar i Punkt Oslo Ida Laustsen.

Kva er eit innovasjonsdistrikt? Korleis skal det verke; forme staden det spring ut av? Kan det vere meir enn ein grafisk, glossy framstilling i ein byutviklingsplan? Noko anna enn milliardbygg med glas og stål og klinikkar? 

Punkt Oslo – også kjent som Innovasjonsdistrikt Sentrum, der OsloMet er ein av medlemmene – bruker byrommet aktivt som eit laboratorium. Involveringa i Homeless World Cup illustrerer korleis dette etoset kan gjennomførast i praksis.

Dagleg leiar i Punkt Oslo Ida Laustsen, framfor paviljongen med innspel og refleksjonar.

Dagleg leiar i Punkt Oslo, Ida Laustsen, framfor paviljongen med innspel og refleksjonar. Foto: Tor Even Marthinsen

Det har ført til panelsamtaler gjennom heile veka, frå ein paviljong teikna og bygd av Comte Bureau; ein annan av partnarane i innovasjonsdistriktet. Tematikken har vore variert. Korleis gjer vi fotball meir tilgjengeleg for alle i Oslo? Korleis skaper vi ein leigemarknad for alle? Korleis skaper vi eit samfunn som støttar mental helse? 

– Under Homeless World Cup har mange av spelarane vore på innovasjonsarenaen og skrive innspela og ideane sine. I tillegg har avgjerdstakarane som vi har invitert med i panelsamtala lytta til spelarar og lesne innspela på veggene. Det er akkurat dette vi har ønskt, seier Laustsen.

Sosial utanforskap har vore fellesnemnaren. Undervegs har innspela – både frå paneldeltakarar, ekspertar og publikum sjølv – blitt samla inn, for så å skulle bli levert til relevante avgjerdstakarar.

Kvile, vaflar og vitskap

Ved sida av panelsamtalene, var OsloMet framståande i heildagsseminaret «Korleis bekjempar vi heimløyse i Oslo» på Nobels fredssenter. Prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid – Carl Christian Thodesen – leidde seminaret. OsloMet-forskarane Evelyn Dyb og Hilde Zeiner delte av kunnskapen sin gjennom innlegg og diskusjonar.

I tillegg var forskargruppa «Livskvalitet» frå fakultetet for helsevitskap invitert til å halde eit eige seminar om livskvalitet og gatefotball. Gruppa stod også bak det populære teltet Kvile og vaflar, der sjukepleiarstudentar møtte gatelagspelarar frå heile verda, og steikte vaflar til slitne deltakarar.

– Eg synest OsloMet skal vere synlege, seier professor Borghild Løyland, som sjølv har tatt fleire økter i teltet.

Anne Langaas og Borghild Løyland

Radarpar! Anne Langaas (t.v.) og Borghild Løyland (t.h.) frå høvesvis Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi og Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid. Foto: Tor Even Marthinsen

– Å vere her, å møte spelarane, er viktig erfaring for studentane våre. Dette er folk ein ofte snakkar om, men sjeldan med. Som ein har mange førestillingar om, kanskje til og med kan vere litt redde for. Samtidig representerer mange av deltakarane her ei stor gruppe som sjukepleiarstudentane vil møte seinare som pasientar.

Sportsteip og sårbarheit

Resonnementet til Løyland blir delt av Anne Langaas, førsteamanuensis ved Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi, og ansvarleg for fysioterapistudentane som jobbar under meisterskapet:

– Studentane våre er ikkje vande til å møte denne gruppa. Heimlause menneske med komplekse problem knytte til rus og psykisk uhelse; dette er ei underbehandla gruppe. Dei oppsøker ofte ikkje helsehjelp. Dei er ikkje vande til å få hjelp. Her blir det band skapt. Spelarane kjem tilbake og ber om behandling frå same student. Og forlèt teltet med ei god oppleving, seier Langaas.

– Også ser vi jo også samarbeid på tvers av fagfelta. Fysio- og ergoterapistudentane samarbeider med sjukepleiarstudentane og studentane frå paramedisin. Det er tverrfagleg, og det bygger nettverk på OsloMet.

Ein student frå OsloMet teiper foten på ein spelar frå Elfenbenskysten

Studentane frå fysioterapi hadde hendene fulle (av teip) under arrangementet. Foto: Anne Langaas

– Er det innovasjon? Ja, eg synest det er innovativt at ein professor frå eit universitet står saman med studentane sine i eit telt og steiker vaflar til ei sårbar og utsett gruppe. Vi bruker kunnskapen vår på noko som er annleis enn det vi gjer til dagleg. Men mest av alt syns eg det er veldig meiningsfullt, seier Løyland.

Nøgd prorektor

Prorektor Carl Thodesen har vore ei drivkraft i arbeidet med å utvide samarbeidet mellom OsloMet og Frelsesarmeen, som er hovudarrangør av årets meisterskap.

Prorektor Carl Christian Thodesen smiler framfor ein fotballbane. Oslo rådhus i bakgrunnen.

Smilet og sola og så vidare. Prorektor Carl Christian Thodesen var nøgd. Foto: Tor Even Marthinsen

Han påpeikar at OsloMet har leiande forskingsmiljø innanfor tematikken som ligg i kjernen av arrangementet, og at OsloMet har ein strategisk ambisjon om å sette dagsordenen for den offentlege debatten om sosial ulikskap og velferdsstaten, slik han også viser til i ein kronikk i Khrono i forkant av turneringa.

– Samfunnsforbetringar skjer ikkje berre inne på eit universitetskontor. Vi ønsket å vere ute i byen. Vi ønsket at dette skulle vere annleis. Vi ønsket å vise at vi er eit utadvend universitet; at vi er universitetet med det store hjartet.

Publisert: 02.09.2025 | Tor Even Marthinsen