Eit forstørringsglas ligg på ein liten bunke regneark som viser tal og grafar.

Skal bruke KI til å avdekke skjulte sanningar i finansmarknaden

Prosjektet «A FAIR Trade» skal utvikle ein KI-modell for å gjere selskaps finansrapportar forståelege for alle, slik at selskapa lettare kan kontrollerast og haldast ansvarlege.

Finansmarknaden skal i teorien vere open og transparent, men å lese ein finansrekneskap frå eit selskap kan vere ei vanskeleg øving.

– Dei er ofte tettpakka med informasjon, og språket kan vere så teknisk og komplisert at det er umogleg for folk utan spesialkunnskap å forstå kva som står der, seier førsteamanuensis Fabrizio Palumbo ved Institutt for journalistikk og mediefag.

Skjuler informasjon

Han leier prosjektet «A FAIR Trade: Å gjere ord, data og makt søkbare, tilgjengelege, forståelege og ansvarlege for ein meir FAIR marknad», som er finansiert av Finansmarknadsfondet. 

Av og til er det innfløkte språket i rapportane ein strategi for å skjule dårlege nyheiter, forklarer han.

– Det blir kalla informasjonsasymmetri når selskap veit meir enn dei deler. Då manglar investorar viktig informasjon for å ta gode avgjerder om å kjøpe eller selje aksjar.

Nærbilete av Fabrizio Palumbo framfor ein skjerm med projisert programmeringskode, der fleire linjer med tekst og fargekodar er synlege i bakgrunnen.

Prosjektleiar Fabrizio Palumbo Foto: Pål Arne Kvalnes

Lettare å avsløre uetisk åtferd

Prosjektet skal utforske korleis kunstig intelligens kan brukast for å gjere slike selskapsmeldingar klarare og meir tilgjengelege. 

– Vi skal utvikle ein KI-assistent basert på språkmodellar og grafsanalyser, som kan lese finansielle meldingar, samanlikne dei med tidlegare kunngjeringar og nyheitssaker, analysere aksjekursar og avdekke eigarskapsforhold gjennom å analysere nettverk av selskap og personar, forklarer Palumbo.

Målet er å gjere det lettare å kontrollere selskapa og avdekke kva strategiar dei bruker for å skjule relevant informasjon, 

– Det er viktig at finansrapportar er fullt ut forståelege både for journalistar og andre, slik at vi kan halde selskap ansvarlege om dei opptrer uetisk, seier Palumbo.

Journalistar er bindeleddet

Han understrekar at journalistar har ei nøkkelrolle i dette arbeidet.

– Journalistar er bindeleddet til resten av samfunnet. Dei omset komplisert informasjon til eit klart og forståeleg språk, og set det i samanheng for oss.

Derfor skal prosjektet hente inn hjelp og rådgiving frå næringslivsavisa E24.

– Vi skal opprette eit rådgivande panel med journalistar som skal teste ut metodikken og KI-modellen, slik at vi ser korleis verktøya fungerer under redaksjonelle forhold, og kan finjustere.

Palumbo håpar ein slik KI-modell kan gi ein meir open og rettferdig informasjonsflyt, og på sikt føre til meir proaktiv openheit og auke tillita til finansmarknaden.

Kontakt

Laster inn ...

Meir om KI

Kva skal journalistar med kunstig intelligens?

Vidareutdanningar innan datajournalistikk skal gi journalistar verktøya dei treng til å behandle store datasett og sjå dei store samanhengane.

Fabrizio Palumbo står foran en skjerm med Python-programmeringssrpåk.
Lær av prisvinnende eksperter på global gravejournalistikk

Lær å bruke KI og digitale metoder for bedre, raskere og mer treffsikker gravejournalistikk på tvers av landegrenser.

Nærbilde av en person som jobber ved en datamaskin, med én hånd på tastaturet og den andre på en datamus foran en skjerm
Forstå kunstig intelligens før du tar det i bruk

En ny videreutdanning gir offentlig ansatte den kompetansen de trenger for å ta i bruk kunstig intelligens på en trygg og strategisk måte.

Portrettbilde av Michael Riegler
Publisert: 17.12.2025 | Kristine Welde Tranås | Foto: Envato