Ein kvinneleg journalist står med ryggen til kamera og fotograferer eti bomba område i Kherson, Ukraina. I bakgrunnen er det soldatar.

Nytt prosjekt skal knyte Noreg og Ukraina tettare saman – Uavhengig journalistikk held demokratiet i live

Prosjektet skal styrke samarbeidet mellom norske og ukrainske journalistar, gi nordmenn meir kunnskap om Ukraina og utvikle kurs for allmennheten om korleis ein avslører propaganda og falske nyheiter.

Prosjektet «Felles frontlinjer og demokrati: Styrking av Ukraina-kompetanse og samarbeid i norsk journalistikk og -utdanning» har fått støtte frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanses Program for Ukraina-kompetanse.

– Sjølv om ukrainske og norske journalistar jobbar i vidt ulike kontekster, er den felles frontlinja kampen mot feilinformasjon og svekte tillit til media, seier prosjektleiar Kristin Skare Orgeret ved Institutt for journalistikk og mediefag.

Avgjerande for demokratiet

– Uavhengig journalistikk er avgjerande for å halde det ukrainske demokratiet i live – både under og etter krigen, seier stipendiat Oleksandra Hrybenko, som er koordinator for prosjektet. Ho er sjølv frå Ukraina og skriv avhandlinga si om journalistikk under krigen i Ukraina.

Prosjektet har tre hovudmål: å styrke samarbeidet mellom norske og ukrainske journalistar og utdanningsmiljø, bygge kompetanse om Ukraina i Noreg og nedkjempe desinformasjon og propaganda.

Norske journalistar til Ukraina

Ein del av prosjektet går ut på at norske journalistar reiser til Ukraina og er med på den største mediekonferansen der, Lviv Media Forum, som er ein av samarbeidspartnarane i prosjektet.

Så skal dei reise ut i landet og møte ukrainske kollegaer og representantar for sivilsamfunnet.

– Vi legg til rette så dei får reise dit dei ønsker og får møte dei dei vil snakke med, forklarer Hrybenko.

– Målet at er at dei skal få innsikt i situasjonen i Ukraina, og vi håpar dei vil skrive artiklar for norske medium i etterkant, seier Skare Orgeret.

Nærbilete av Oleksandra Hrybenko og Kristin Skare Orgeret.

Oleksandra Hrybenko og Kristin Skare Orgeret. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Skal lære av prisvinnande ukrainske journalistar

Prosjektet skal også arrangere ei rekke opne seminar i Noreg, med prisvinnande ukrainske journalistar. Nokon kjem rett frå krigsdekning og vil dele erfaringane sine.

– Noreg er i tet når det gjeld økonomisk støtte til Ukraina, og vi har offentlege diskusjonar om både det og militær opprusting. Då er det viktig at den norske befolkningar kjenner eigarskap til det som går der føre seg, meiner Skare Orgeret. 

Seminara er opne for alle og vil bli ein del av undervisninga på journalistutdanningane ved OsloMet, Høgskulen i Volda, Noregs arktiske universitet og Nord universitet.

Det blir også eit seminar retta mot journalistar, politikarar og aktørar i humanitærsektoren, i regi av samarbeidspartnar Internasjonal Reporter.

– Sjølve kjernen i prosjektet er å gi den norske befolkninga meir kunnskap om Ukraina, seier Hrybenko.

Kampen mot desinformasjon

World Economic Forum har nyleg peika på desinformasjon som den største kortsiktige trusselen mot menneskeslekta (weforum.org).

– Vi vil gi både norske og ukrainske journalistar meir kunnskap om denne trusselen og om korleis vi kan handtere han, seier Skare Orgeret.

I krig og konflikt eksploderer desinformasjonen, og Russland har svært sofistikerte metodar for å spreie han.

– I tillegg veit vi at dei prøver å påverke det norske samfunnet og auke polariseringa. Vi skal jobbe med korleis norske og ukrainske journalistar kan samarbeide om å møte desse utfordringane, seier Skare Orgeret.

– Det handlar om å avsløre desinformasjon og om korleis ein jobbar i eit medielandskap der propaganda og falske nyheiter florerer.

Digitalt kurs for alle

Forskarane skal også utvikle eit digitalt kurs som vil vere gratis og tilgjengeleg for alle interesserte.

Kurset skal styrke kunnskapen om Ukraina, kritisk tenking og mediekompetanse.

– Vi vil bruke eksempel på russisk desinformasjon og utvikle ein metode som gjer det mogleg for vanlege folk å identifisere desinformasjon. Vi vil vise korleis ein kan dekonstruere innhaldet, forstå kva som ligg bak, og bruke tilgjengelege verktøy for å faktasjekke og finne kjeldene, forklarer Hrybenko.

Prosjektet går over to år, med aktivitetar i både 2026 og 2027.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 16.12.2025 | Kristine Welde Tranås | Foto: Shutterstock