Portrett av Siri som sitter ved et bord og med et målebånd rundt halsen. På bordet ligger det et stykke stoff.

Til Kina med kolleksjon inspirert av kvalfangst

Bachelorstudent Siri Øverland Eriksen er i Kina for å delta i The Hempel Awards, ein prestisjetung konkurranse for unge motedesignarar.

– Eg var åleine på parkeringsplassen til ein bensinstasjon då eg fekk e-posten om at eg hadde komme til finalen, fortel Siri.

– Det kjendest som når du treffer korga perfekt med ein basketball: "Yes, han sat!" Det er veldig stas og eit fint høve til å faktisk få sydd opp ein liten kolleksjon, smiler ho. 

Siri går på bachelorstudiet i kunst og design, studieretning mote og produksjon. Før jul fekk ho og resten av andreårsstudentane i oppgåve å sende inn forslag til The Hempel Awards, der studentar frå alle dei store designskulane deltek.

Konkurransen blir arrangert for 31. gong og er ein del av kinesiske moteveka.

Ei oppslagstavle med notat, stoffprøver, mønsterark og teikningar av kolleksjonen.

Ei hyllest til kvalen og havet

Temaet for årets konkurranse er «To be reborn».

– Eg valde å fokusere på «fusjon av tradisjonell kultur og modernitet», forklarer Siri.

– Kolleksjonen "echoes" er ei hyllest til kvalen og havet, med referansar til gamle kvalfangarar kombinert med eit blikk på «den moderne kvalfangsten» – flytande avfall i havet.

– "Echoes" bruker volum som eit designverktøy for å utforske korleis volum kan skjulast og utvidast, både i klede og kropp. Den hentar inspirasjon frå dei som er nærast kvalen - sjømenn og fiskarar, og dessutan korsettprodusentane på 17.-18. århundre som brukte kvalbardar i kreasjonane sine.

– Kolleksjonen er laga av naturmateriale - oljelerret, lin og ull, og speglar silhuettane til kleda til kvalfangarane, frå dei store fiskebuksene med selar, til hanskar til sløying.

– Alt dette er i dag laga av plast og gummi, men tidlegare var det laga av oljelerret, fortel ho. Det er eit skikkeleg kult materiale eg har lyst til å halde fram med å jobbe med også etter denne kolleksjonen, seier ho.

– Frå dei store, maskuline silhuettane går "Eechoes" over til dei feminine korsetta, eit anna symbol på korleis volum kan kontrollerast og formast. Akkurat som eit korsett fangar volumet til kroppen, kan drivande avfall fange og innskrenke kvalen.

– "Echoes" har som mål å auke forståinga for dei nye "fangstane våre" - tonnevis av plast og avfall som fyller havet. Forhåpentleg vil også delar av kolleksjonen oppfattast som varm og humoristisk med eit håp om ei betre framtid, seier den engasjerte designaren.

Siri sit ved symaskina og syr.

Eit lærerikt eventyr

No er Siri i Hangzhou i Kina saman med mora og søster si.

– Det blir eit lite eventyr! Eg reiser med ope sinn og synest det er vanskeleg å sjå for meg kva eg kan forvente av arrangementet. Det blir veldig spennande å få vist fram kleda i Hangzhou. Eg er førebudd på å lære mykje, smiler ho.  

Siri synest det har vore ein veldig lærerik prosess å delta i konkurransen.

– Berre det å sy opp ein liten kolleksjon er supernyttig. Eg skulle gjerne sydd alle plagga endå ein gong for å forbetre det eg har lært undervegs. Dette er erfaringar eg vil ta med meg vidare inn i bachelorprosjektet.

– Det gir jo også stor meistringskjensle og sjølvtillit, både det å komme vidare i til finalen og å sjå at eg klarer å realisere ideane mine, understrekar ho.  

Siri i ein uferdig kvit hatt og ei høghalsa kappe.

Konkurransedyktig

– Motestudentane har delteke i The Hempel Awards sidan 1999, som ein del av emnet «Design og produksjon for berekraft», i andre året av bacheloren. Deltaking i konkurransen er eit av arbeidskrava i emnet, fortel førstelektor Sissel Isachsen.

Isachsen er stolt av Siri og av kolleksjonen ho har laga.

– Eg synest det er viktig at studentane våre deltek i internasjonale designkonkurransar, forklarer ho.

– Det er bra at dei kjem ut og treffer andre studentar og lærarar, og får samanlikna arbeida sine med andre lands design.

– For OsloMet og Institutt for estetiske fag har det også vore eit viktig møtepunkt for å byggje samarbeidsavtalar med internasjonale designutdanningar, som har resultert i utvekslingsavtalar med m.a. Manchester School of Art og LCI Barcelona.

– Vi ser at motestudiet vårt på OsloMet er konkurransedyktig på ein internasjonal arena. Det er flott!

NB: På grunn av strenge konkurransereglar kan vi dessverre ikkje vise bilete av kolleksjonen.

Publisert: 16.10.2023 | Hilde M. Kringeland