Portrettbilete av forskaren Celine Motzfeldt Loades som ser inn i kameraet og smiler.

Korleis sikre matforsyninga i ei grøn omstilling?

Klimaendringar, geopolitisk uro og låg sjølvforsyning utfordrar norsk matberedskap. Eit nytt NIBR-leidd prosjekt skal utvikle kunnskap og løysingar for meir robuste matsystem.

Noreg står overfor fleire utfordringar som kan påverke matforsyninga. Klimaendringar, uro i verda og svak styring på tvers av sektorar gjer beredskap til eit stadig viktigare tema. Samstundes må matsystema kutte klimagassutslepp og ta vare på naturmangfaldet.

Dette er utgangspunktet for forprosjektet «Matberedskap i grøn omstilling – konsortiebygging, pilotar og søknadsutvikling». Prosjektet blir leia av By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet. Det er finansiert gjennom OsloMet si satsing på grøn omstilling.

– Målet er å utvikle løysingar som kan testast i praksis. På sikt kan dei takast i bruk fleire stader i landet. Vi vil skape læringsarenaer der ulike aktørar saman kan finne ut korleis vi styrkjer matsikkerheit, beredskap og grøn omstilling, seier prosjektleiar Celine Motzfeldt Loades.

Saman med forskarane Einar Braathen og Gavin McCrory skal ho byggje eit breitt forskingssamarbeid. Partnarane kjem frå Noreg og Norden.

Samlar aktørar rundt same bord

Eit hovudmål er å byggje eit sterkt konsortium, nasjonalt og internasjonalt. Konsortiet skal stå bak ein større forskingssøknad om matberedskap i Noreg.

Prosjektet skal samle styresmakter, næringsliv, matprodusentar, frivillige organisasjonar og forbrukarar. Saman skal dei finne ut kva vi treng meir kunnskap om, og kva løysingar som trengst.

– Matsikkerheit og beredskap kan ikkje løysast av éin sektor åleine. Skal vi byggje robuste matsystem, må vi forstå korleis dei ulike aktørane påverkar kvarandre. Vi må finne løysingar som fungerer på tvers av nivå og interesser, seier Loades.

Forskarane peikar på at matberedskap handlar om meir enn å produsere meir mat. Det handlar òg om å endre korleis matsystema er organiserte, og om å synleggjere menneska og kulturen bak maten vi et.

Frå utfordringar til handling

Prosjektet skal leggje grunnlaget for pilotprosjekt i utvalde område. Der kan ulike aktørar utvikle og teste tiltak for betre matsikkerheit og beredskap.

– Vi vil gå frå å analysere utfordringar til å teste konkrete tiltak. Pilotane skal vise oss kva som faktisk fungerer i praksis. Vi vil òg finne ut korleis erfaringane kan delast og takast i bruk andre stader, seier Loades.

Målet er å utvikle metodar for å teste og dokumentere tiltak som styrkjer beredskapen i Noreg. Prosjektet vil særleg sjå på styring, samarbeid og korleis vi kan kutte utslepp. Samstundes skal prosjektet byggje eit fellesskap for å dele erfaringar, metodar og indikatorar.

På sikt er ambisjonen å bidra til matsystem som toler kriser betre, og som når klima- og miljømåla.

Om prosjektet

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 27.08.2026 | Kristin Horn Talgø