Ungdommar som sjår på ein skjerm på ei museumsutstilling

Kva kan museum lære yrkesfagelevar om berekraft?

Forskarar frå OsloMet deltar i nytt prosjekt om korleis museum kan motivere elevar til å tenke berekraft i dei framtidige yrka deira.

Prosjektet VOSEAMS (Vocational-oriented sustainability education across museum and school) har som mål å lage ein undervisningsmodell for korleis museum kan støtte berekraftsundervisning for yrkesfagelevar. Det har fått midlar frå Noregs forskingsråd.

VOSEAMS blir leidd av Kari Beate Remmen, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo. Frå Institutt for yrkesfaglærarutdanning ved OsloMet deltar Roger Bakken og Kaia Mobråten. Dei er involverte i tre av seks arbeidspakker.

Fag- og yrkesopplæring viktig for berekraftig omstilling

– I Noreg sin fag- og yrkesopplæring utdannar vi elevar til nærmare 200 yrker som inngår i ei rekke ulike oppgåver i arbeidslivet og utgjer ein sentral del av samfunnet, seier Bakken.

– Fag- og yrkesopplæringa kan vere ein svært viktig aktør i overgangen til eit berekraftig samfunn. Derfor må det lagast gode undervisningsopplegg som yrkesfaglærarar og – elevar har nytte av.

Forskinga i prosjektet skjer i samarbeid med Klimahuset, som er ein del av Naturhistorisk museum i Oslo.

– Museum kan vere ein svært relevant arena når det gjeld å formidle klimautfordringar til elevar, seier Mobråten.

– Dette gleder vi oss til å utforske saman med Klimahuset og forskarar frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Søraust-Noreg og Uppsala universitet.

Les meir om prosjektet

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 06.11.2025 | Siv Tonje S. Håkensen | Foto: Naturhistorisk museum/UiO