Med støtte frå OsloMets satsing «Eit slitesterkt demokrati» har prosjektet fått 890 000 kroner i småprosjektmidlar. Det samlar seks forskarar frå tre fagmiljø ved OsloMet: By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA), Fakultet for samfunnsvitskap (SAM) og Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI).
Prosjektet skal utvikle ny kunnskap om korleis sentrale demokratiske funksjonar – som representasjon, deltaking, ansvarleggjering og offentlegheit – blir oppretthaldne, utfordra og omforma under krig og i ein framtidig gjenoppbyggingsfase.
– Ukraina har vist at demokratiske praksisar ikkje nødvendigvis bryt saman i krig. Dei kan bli oppretthaldne, tilpassa og i nokre tilfelle vidareutvikla. Men det er ikkje gitt at det ukrainske demokratiet vil kome styrkt ut av krigen, seier prosjektleiar Aadne Aasland.
Byggjer på fire samfunnsarenaer
Prosjektet byggjer på pågåande forsking ved OsloMet på fire arenaer i det ukrainske samfunnet: arbeidsliv, lokalforvaltning, journalistikk og skule og utdanning.
På tvers av desse områda skal forskarane undersøkje kva mekanismar som bidreg til å legitimere og oppretthalde demokratiske praksisar, og kva nye spenningar krigen skaper.
Prosjektet har ei tverrfagleg tilnærming. Det kombinerer kompetanse på ukrainsk samfunnsliv, demokrati og styring, journalistikk og offentlegheit, samt utdanning og demokratisk danning.
Innblikk i demokrati under krig
Forsking på demokrati under pågåande krig er vanskeleg å gjennomføre, og kunnskapsgrunnlaget på feltet er avgrensa. Ukraina er eit viktig unnatak. Trass i langvarig krig er det framleis mogleg å samle inn data og gjennomføre forsking.
Det gir ei sjeldan moglegheit til å studere korleis demokratiet fungerer i praksis medan krigen går føre seg, og i ein framtidig gjenoppbyggingsfase.
– Vi har bygd opp forsking om Ukraina ved OsloMet over mange år. Dette prosjektet gir oss høve til å samle innsikter frå ulike fagmiljø i eit felles rammeverk, seier NIBR-forskar Marthe Handå Myhre. Ho leier prosjektet saman med Aasland.
Skal utvikle ny kunnskap
Målet med prosjektet er todelt: å utvikle ny kunnskap om demokratiske prosessar under krig, og å leggje grunnlaget for større internasjonale forskingsprosjekt om demokratisk motstandskraft i krig og kriser.
Prosjektet skal resultere i ein vitskapleg artikkel, ein policy brief og eit ope seminar, i tillegg til ein søknad om ekstern finansiering. Aktuelle finansieringskjelder kan vere Forskingsrådet og EUs Horizon Europe. Eit første utkast til den vitskaplege artikkelen skal presenterast på UKRAINETTs årlege konferanse hausten 2027 (uni.oslomet.no).
Sjølv om prosjektet tek utgangspunkt i Ukraina, er spørsmåla relevante langt utover eitt land i krig.
– Når demokratiske samfunn også andre stader i Europa er under press, kan kunnskap om kva som gjer demokratiet motstandsdyktig, vere viktig også for Noreg, seier Aasland.
Om prosjektet
- Tittel: Demokrati under krig og gjenoppbygging: Eit teoretisk rammeverk for demokratisk motstandskraft i Ukraina
- Finansiering: 890 000 kroner frå OsloMets småprosjektmidlar i satsinga «Eit slitesterkt demokrati»
- Periode: 2026–2028
- Prosjektleiing: Aadne Aasland og Marthe Handå Myhre (NIBR/SVA)
- Prosjektgruppe: Jørn Holm-Hansen (NIBR/SVA), Oleksandra Hrybenko (SAM), Asbjørn Røiseland (SAM) og Anders Granås Kjøstvedt (LUI)
- Fagmiljø: SVA, SAM og LUI
- Les meir om satsinga: «Eit slitesterkt demokrati»