Sju kvinner sit på ein benk utanfor ein skole.

Mastermentorar opnar døra til klasserommet for lærarstudentane

I eit nyskapande samarbeid har lærarar ved Rosenholm skole vore mastermentorar for grunnskolelærarstudentar som skriv masteroppgåve. Oppgåvene tar for seg reelle utfordringar hos skolen.

Fem studentar ved grunnskolelærarutdanninga leverte denne våren masteroppgåver som var skrivne i nært samarbeid med Rosenholm skole i Bydel Søndre Nordstrand. 

Her har dei hatt kvar sin mastermentor, ei heilt ny rolle som skolen og universitetet i samarbeid har prøvd ut.  

– Ein mastermentor er ein lærar som opnar klasserommet sitt for datainnsamling, og legg til rette for at studenten kan utforske klasserom, elevar eller lærarar, fortel Annette Haslund, studieleiar ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved OsloMet. 

Formålet er at masteroppgåvene blir mest mogleg relevante for  den kommande lærarjobben til studenten, og at lærarfellesskapet på skolen drar nytte av kunnskapen frå masterprosjekta. 

– Kan forske på det vi faktisk gjer 

Samarbeidet mellom OsloMet og Rosenholm skole spring ut av eit nettverk mellom tilsette ved grunnskolelærarutdanninga på OsloMet og rektorar frå fire grunnskolar i Søndre Nordstrand, som blei etablert som ei følgje av OsloMet Holmlia-satsinga. 

Innanfor dette samarbeidet skriv studentane praksisbaserte masteroppgåver som er knytte til satsingsområda til skolen. 

– Vi ønsker at masterstudentane skulle skrive oppgåvene i samarbeid med skolen fordi dei har eit utanfråblikk på praksisen vår, og fordi dei kan forske på det vi faktisk gjer, seier rektor ved Rosenholm skole, Linda Marie Hegler Osmundnes. 

Får utforske reelle utfordringar i skolen 

– Studentane får på denne måten høve til å aktivt utforske reelle utfordringar i skolen, noko som er etterlyst i både skolen, i politikken, og frå studentane sjølv, seier Haslund. 

Tre av studentane presenterte oppgåvene sine for dei tilsette ved skolen i mai.

På bildet: Bak frå venstre: Mastermentor Julie Tangen, mastermentor Ine Nereng Ellestad, student Malin Krog og student Vilde Distad Stelander. Framfor frå venstre: Mastermentor Thea Johannessen, student Amalie Frisk-Olsen, og mastermentor Nargiss Oudah, som held spelet som Malin og Vilde har utvikla.   

Mastermentorordninga ved grunnskolelærarutdanninga

  • Grunnskolelærarstudentar som gjennom mastertorget (uni.oslomet.no) knyter seg til eit prosjekt ved ein av OsloMets universitets- eller praksisskolar, kan søke om å få ein kontaktperson ved skolen som får rolle som mastermentor. 
  • Mastermentoren opnar opp klasserommet sitt for studentar som gjennomfører praksisbaserte masteroppgåver, støttar studenten i praksisrettinga av oppgåva, og bidrar som informant ved behov. 
  • Mastermentoren må ha formell kompetanse i faget for den aktuelle oppgåva.  
  • Studenten er sjølv ansvarleg for å vere eit bindeledd mellom mastermentoren til skolen og rettleiaren sin ved OsloMet. 

Les meir om praksisbaserte masteroppgåver ved grunnskolelærarutdanninga i ein fagartikkel i Utdanningsnytt (utdanningnytt.no)

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 11.06.2026 | Siv Tonje S. Håkensen (tekst og foto)