English version
Bilete av dei vinnande studentane: Frå venstre Sergio Alejandro Sotres Romero, Marit Øye Gjersdal, Pål Anders Wangen Owren og Andreas Andersen Kjernlie

Hjelper til med å reinse Oslofjorden

Utfordringa for masterstudentane var å finne flaskehalsar i handtering av avløpsvatn når det regnar kraftig, og hindre at ureinsa vatn hamnar i Oslofjorden.

Det lokale avløpsselskapet VEAS ville at masterstudentar skulle bruke evnene sine til modellere på dreneringsnettverket i Oslo-området. Dermed inviterte dei masterstudentar innan kunstig intelligens, bygg-, maskin-, elektronikk- og kjemiteknikk til konkurransen «VEAS Hackathon».

VEAS-anlegget er det største reinseanlegget i Noreg, og er heilt avgjerande for å halde Oslofjorden rein.
 
VEAS-tunnelen transporterer avløpsvann frå meir enn 600 000 innbyggjarar i Oslo, Bærum og Asker til reinseanlegget på Bjerkås i Asker.

Den digitale konkurransen mellom studentane starta 15. oktober 2020, og etter 24 timar sende studentgruppene inn svara sine og presenterte deretter løysningane sine i Zoom.

Alle av studentane kom frå Masterstudiet i anvendt data- og informasjonsteknologi (ACIT).

Vinnarlaget

Eit ekspertpanel frå Oslo, Bærum og Asker kommunar og VEAS evaluerte resultata, og vinnarteamet var studentgruppa Marit Øye Gjersdal, Andreas Kjernlie, Sergio Alejandro Sotres Romero og Pål Anders Owren.

Marit spesialiserer seg i anvendt kunstig intelligens, Andreas i robotikk og kybernetikk, Sergio i matematisk modellering og vitskaplege utrekningar og Pål i datavitskap på masterstudiet.

Løysinga

I løysinga si identifiserte studentane dreneringssonene som har det største overskotet av vatn i tunnelen i regnversperiodar. Les meir om løysinga.

Vinnargruppa fekk ein pris på 10 000 kroner frå VEAS.

Førsteamanuensis Tiina Komulainen frå OsloMet og postdoktor Jakub Roemer for VEAS arrangerte konkurransen i samarbeid med Oslo, Bærum og Asker kommunar, og Universitetet i Søraust-Noreg og Universitetet i Agder.

Meir informasjon om arrangementet 

På biletet øvst ser du vinnarlaget: Frå venstre Sergio Alejandro Sotres Romero, Marit Øye Gjersdal, Pål Anders Owren og Andreas Kjernlie. Foto: Karin Doan.

Publisert: 22.10.2020 | Olav-Johan Øye