[13:49] Pål Arne Kvalnes Portrettbilete av studenten Mari Grinna Hagen. Ho er blond og har på seg ei mørkeblå skjorte.

– Det skjer utruleg mykje fint på Holmlia

Journaliststudentane på OsloMet lagar lokaljournalistikk på Holmlia. Dei viser at bydelen består av mykje meir enn det media vanlegvis skriv.

Mari Grinna Hagen er ein av studentane som har skrive saker om Holmlia.

– Media skriv mykje negativt om Holmlia, så det er fint å kunna balansera dette biletet og vise fram dei gode sidene òg, seier ho.

Ho syntest at nyheitsbiletet av Holmlia er misvisande og einsidig, og ser behovet for meir og betre lokaljournalistikk.

– Eg veit dei har Nordstrands blad, men dei skriv ikkje så mykje om Holmlia. Ein burde vera meir til stades og skriva om andre nyheiter enn gjengkriminalitet og skyteepisodar, seier ho.

Sjå svar frå Nordstrands blad nedst i saka.

Vil visa fram bydelen som dei sjølv opplever han

Grinna Hagen og medstudentane hennar har jobba i OsloMets lokale på Holmlia, og har vore tett på bydelen.

– Vi har vorte tekne godt imot av dei som bur her. Dei fleste er veldig opne og har lyst til å visa fram bydelen sin sånn dei ser og opplever han, fortel ho.

Første gong studentane jobbar lokalt i bydelane

Maria Konow Lund er professor ved Institutt for journalistikk og mediefag, og sender for første gong førsteklassestudentane i journalistikk ut for å jobba lokalt i bydelane i Oslo.

– Dette opplegget har som mål om å både trena seg på journalistikk som fag, men også ein måte å løfta lokaljournalistikken, seier ho.

Konow Lund meiner at lokaljournalistikken i Oslo ofte skil seg frå denne typen journalistikk andre stader i landet.

– Det er jo ikkje sånn at Oslo ikkje har lokaljournalistikk, men mange av sakene vi les er ikkje nødvendigvis journalistikk som skaper stoltheit, tilhøyrsel og lokal identitet slik det til dels gjer andre stader i landet, seier ho.

Har sjølv budd på Holmlia

Konow Lund kjenner godt til korleis Holmlia ofte blir framstilt i media. Ho har sjølv budd på Holmlia i 15 år, og er stolt over OsloMets satsing saman med bydel Søndre Nordstrand.

– Det er viktig å visa at det finst fleire sider av bydelen enn det stigmatiserte vi ser i nyheitsbiletet. Det kan skapa ein sjølvforsterkande profeti viss alt folk på Holmlia les om staden sin er om kriminalitet, seier Konow Lund.

Skriv ikkje berre om kriminalitet

Redaktør June Westerveld seier at dei i Nordstrands Blad rosar studentane ved OsloMet for satsinga si på Holmlia.

– Nordstrands Blad dekkjer Holmlia som lokalavis og skriv om både politikk og utvikling i området, og ikkje berre i samband med gjengkriminalitet og skyteepisodar, seier Westerveld.

– Dei siste vekene har vi mellom anna hatt saker frå Holmlia om Rosenholmutbygginga, om korleis tilbodet med rask psykisk helsehjelp spreier seg til andre bydelar, om det populære treningssenteret til brørne Nybø og om restaurantopninga av Spicey Vibes, legg ho til.

Publisert: 04.01.2024 | Kamilla Brandal | Pål Arne Kvalnes