Mikkel Berg-Nordlie er ein del av forskargruppa i prosjektet «(Mis) tillit: Fornorsking av språk, folk og land i Sør-Sápmi. Kvifor forsoning, korleis og mellom kven?».
Prosjektet er leia av professor Astri Dankertsen ved Nord universitet, og har fått 11,1 millionar kroner frå Forskingsrådet og varer fram til 2030.
Prosjektet skal undersøkje tillit og mistillit i søndre Sápmi, både mellom majoritet og minoritet, og mellom samar.
– Vi tek utgangspunkt i at både tillit og mistillit kan ha gode grunnar, og prøver å forstå kva slags perspektiv og erfaringar som skaper dette, seier Berg-Nordlie.
Han legg til at:
– Prosjektet vart inspirert av at samar sør i Sápmi har uttrykt låg tillit til Sannings- og forsoningskommisjonen, og at det kanskje var ein del ting som difor ikkje vart rapportert inn.
Prosjektet skal mellom anna sjå på tilliten til Kommisjonen, og prøver å gi folk høve til å uttrykkje erfaringar og perspektiv som ikkje kom med i kommisjonen si rapport, seier Berg-Nordlie.
Arbeidet inkluderer arkivstudium, intervju og dialogmøte, og involverer samarbeid med samiske senter og forskarar frå Noreg og Sverige.
Kystsoneforvaltning
Marthe Indset deltek i prosjektet Coastal Harmony, leia av Norsk institutt for vassforsking (NIVA). Prosjektet har fått støtte frå Forskingsrådet og skal gå frå 2026 til 2029.
Prosjektet tek utgangspunkt i at kystøkosystema er under sterkt press frå ulike aktivitetar, samstundes som dei er svært produktive og viktige for karbonbinding, resirkulering og matforsyning.
– Vi treng betre forståing av korleis ulike lover og forvaltingsregime samspelar – og nokre gonger kolliderer – i kystsona. Coastal Harmony gir oss høve til å sjå heilskapleg på dette, seier Indset.
Prosjektet skal styrkje kunnskapen om korleis arealplanlegging, vassforvalting og naturvern samla bidreg til bevaring av kystøkosystemet – særleg i møte med ein veksande havbrukssektor.
Coastal Harmony vil undersøkje korleis ulike forvaltingsregime fungerer og påverkar kvarandre, og identifisere institusjonelle barrierar og kompleksitetar.
Urban beredskap og matsikkerheit
Oleksandra Deineko er med i det tverrfaglege prosjektet BestPrepared – Building resilience through urban agriculture and foraging, leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Prosjektet har fått 10,85 millionar kroner frå Forskingsrådet og skal gå frå 2026 til 2030. Målet er å undersøkje korleis urbant landbruk og sanking kan styrkje samfunnets beredskap og motstandskraft i krisetider.
Deineko leiar ei av arbeidspakkane. Her er også NIBR-forskar Einar Braathen med. Arbeidspakka ser på lærdom frå tidlegare og noverande kriser, med særleg fokus på matberedskap i Kharkiv under krigen i Ukraina.
– Erfaringane frå Kharkiv viser korleis lokalsamfunn kan mobilisere og sikre mattilgang under ekstreme forhold. Vi håpar å overføre denne kunnskapen til norske byar, seier Deineko.
Prosjektet inkluderer også etablering av Living Labs i Oslo og Tromsø, og NIBR bidreg med forsking på politikk, styring og sosial beredskap.
Dei tre ulike prosjekta viser korleis NIBR-forskarar bidreg med konkret kunnskap til samfunnsområde som rører ved lokal identitet, naturforvalting og beredskap i ei uroleg tid.