Isa Steinmann står foran ein murvegg

Ønsker å styrke kunnskapen vår om lærarutdanning

Isa Steinmann leier eit prosjekt med mål om å bygge opp forskingsinfrastruktur for lærarutdanningar i Noreg.

Isa Steinmann er professor ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU) og leier prosjektet Teacher Education Panel Study (TEPS). Målet med prosjektet er å etablere ein panelstudie som følger lærarstudentar, studieprogram og utdanningsinstitusjonar over tid, for å gi ei heilskapleg forståing av korleis lærarutdanninga fungerer i praksis.

Med dette vil ein også bli i stand til å samanlikne ulike lærarutdanningar i Noreg og internasjonalt, noko som vil vere eit viktig bidrag til å styrke utdanningsforskinga.  

– Det finst mange småskalastudiar om lærarutdanning i Noreg, men det er vanskeleg å generalisere kunnskap frå desse. Vi ønsker å skape eit større system som gir oss betre, meir systematisk data over tid, fortel Steinmann.

Ho har omfattande erfaring med forsking som bruker storskalaundersøkingar i skolesektoren, som PISA, TIMSs og PIRLS.

Ifølge Steinmann manglar ein i dag spesifikke data om korleis studentane opplever lærarutdanninga. Eksisterande undersøkingar som Studiebarometeret gir ikkje tilstrekkeleg innsikt, då dei ikkje er målretta mot lærarutdanninga eller følger studentane over tid.

Langsiktig oppfølging av lærarstudentar

TEPS-prosjektet har som ambisjon å følge grunnskolelærarstudentar frå dei begynner på studiet, og vidare ut i arbeidslivet.

– Det er eit stort gap mellom kor mykje data og forsking vi har om skolesektoren, og kor lite vi veit om lærarutdanninga. Dette er tankevekkande, særleg med tanke på kor viktig det er å ha gode lærarar og god undervisning, seier Steinmann.

– Vi ønsker derfor å følge studentane gjennom heile studieløpet og undersøke korleis dei opplever utdanninga. Når dei er ferdig utdanna, vil vi spørje dei om kva dei opplever dei har lært og om dei opplever seg godt førebudd til yrket.

Dette inkluderer blant anna å undersøke det såkalla «praksissjokket» og kvifor nokon vel å forlate læraryrket kort tid etter at dei har starta.

– Vi skal også undersøke kvifor nokon vel å droppe ut av studiane undervegs. Om dei sluttar fordi dei finn ut at læraryrket ikkje passar for dei, er det greitt. Men om dei sluttar fordi dei er misfornøgde med utdanninga, må vi på lærarutdanninga få vite det, understrekar Steinmann.

Analyserer masteroppgåvene til studentane 

I tillegg til spørjeskjema vil forskarane inkludere andre kjelder i forskingsinfrastrukturen, som masteroppgåver og emneplanane til studieprogramma.

Dette arbeidet er godt i gang.

Ein analyse av samandraga i alle masteroppgåvene som er skrivne ved grunnskolelærarutdanninga ved OsloMet så langt, bekrefta antakinga om at dei fleste studentane skriv empiriske masteroppgåver der dei gjennomfører intervju med lærarar eller observerer undervisning.

Ei slik kartlegging kan føre til at institusjonar revurderer korleis dei rettleier masterstudentar slik at dei gjennomfører andre typar studiar dersom institusjonane ønsker dette.

– Eit eksempel er å sjå på korleis ein kan motivere fleire studentar til å skrive masteroppgåver der dei bruker data som allereie finst. Om fleire studentar bruker eksisterande data, vil det også redusere belastninga på skolesektoren som elles har måtta vere tilgjengeleg for mange små studiar, fortel Steinmann.

– Eit anna eksempel kan vere å jobbe for at fleire masterstudentar gjer intervensjonsstudiar som er nyttige for skolane.

Analysen viste også at mange av samandraga i masteroppgåvene til studentane hadde utilstrekkeleg informasjon om kva slags metode studentane har brukt. På grunnlag av dette, utvikla instituttet ein mal som skal hjelpe studentane med å skrive eit godt samandrag. 

Kva slags undervisning driv vi med i dag?

Forskarane er også i gang med å analysere innhaldet i emneplanane på OsloMets grunnskolelærarutdanningar.

– Vi veit veldig mykje om kor viktig det er med varierte undervisningsmetodar og varierte vurderingsmetodar. Men er det slik vi underviser på lærarutdanninga, eller er  undervisninga dominert av forelesingar og skriftlege heimeeksamenar? Det synest eg også det er spennande å forske på, seier Steinmann.

Ekspertise på spørjeskjema

To postdoktorar med ekspertise på utvikling av spørjeskjema, Bas Senden og Liva Jenny Martinussen, er tilsett i prosjektet. Dei jobbar med å utvikle spørjeskjema av høg kvalitet. Spørjeskjemaa skal piloterast gjennom å samle inn data frå fleire institusjonar. 

Meir forsking og auka kunnskap kan forbetre lærarutdanninga

Steinmann fortel at det er mange uavklarte spørsmål om lærarutdanning som ein forskingsinfrastruktur for utdanningsforsking kan bidra til å belyse.

– Den femårige lærarutdanninga er ganske ny, og det har vore mykje diskusjon rundt henne. Mange av spørsmåla vi diskuterer manglar gode svar. For eksempel kvifor søkartala til grunnskolelærarutdanninga har gått ned over tid, kva som er årsakene til at mange studentar ikkje møter opp til obligatorisk undervisning, og kva delar av undervisninga studentane er misfornøgde med, fortel Steinmann.

For tida skriv TEPS-teamet ein søknad til Norges forskingsråd (NFR) for å sikre finansiering for infrastrukturpilotering og –etablering. Sikt – Tenesteleverandøren til kunnskapssektoren er  ein sentral partnar i prosjektet.

Prosjektet ønsker eit breitt nasjonalt samarbeid, og arrangerte i juni eit informasjonsmøte kor mange lærarutdanningsmiljø i Noreg deltok. Steinmann oppfordrar miljø som er interesserte i å samarbeide, om å ta kontakt.

Målet om å ta eit nasjonalt ansvar for å bygge opp forskingsinfrastruktur for lærarutdanningane er forankra i den strategiske handlingsplanen til Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 25.06.2025 | Siv Tonje S. Håkensen | Foto: Siv Tonje S. Håkensen