Seks menneske på ein scene innandørs foran eit publikum

Opptak frå Arendalsveka 2026

Bistand, kunstig intelligens og læring, rekruttering av barnehagelærarar og korleis utdanningsforsking kan takast i bruk – alt dette og meir til var på dagsordenen på arrangementa til Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium under Arendalsveka.

Slutten på bistand (slik vi har kjent han)?

Er ideen om bistand som eit verktøy for langsiktig utvikling i ferd med å bli utfordra i ei globalisert verd der det er bekymring for at antalet fattige igjen vil auke?

Med: 

Korleis kan kunstig intelligens støtte integrering og læring i skole og arbeidsliv?

Kunstig intelligens blir i aukande grad i bruk tatt i integreringsarbeidet i kommunane og i opplæringa for fleirspråklege ungdom og vaksne. Korleis sikrar vi at teknologien faktisk fremmar læring og integrering?
 
Med: 

Barnehagelærarar: Korleis skal vi rekruttere, motivere og behalde dei?

Mangelen på kvalifiserte barnehagelærarar rammar kvaliteten i barnehagen. Kva skal til for at fleire vel barnehagelærarutdanning - og for at dei blir verande i yrket? 

Med:

Les også sak frå barnehage.no om arrangementet: – Veldig synd hvis vi mister barnehagelærere før de har kommet over den kneika (barnehage.no)

Forsking i bruk: Kor er forskingsøkologien for utdanningssektoren?

Det blir produsert mykje god og relevant utdanningsforsking. Men utdanningssektoren manglar ein forskingsøkologi som bringar kunnskapsproduksjon, forvaltning og profesjonspraksis saman.

Kva strukturar og roller, og kva ansvarsfordeling må på plass, eller vidareutviklast, for at forskinga i større grad skal no ut til aktørar i sektoren? Og korleis kan utfordringar i barnehage, skole og høgare utdanning påverke kva slags forsking som blir prioritert?

Arrangementet var i samarbeid med Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger.

Med: 

Publisert: 24.08.2026 | Siv Tonje S. Håkensen (tekst og foto)