Byråd for kultur og næring Anita North på Makerspace på OsloMet

– OsloMet er viktig for Oslo kommune

Det var bodskapen frå byråd for kultur og næring Anita Leirvik North da ho besøkte universitetet saman med ein delegasjon frå Oslo kommune.

Saman med blant andre konstituert kommunaldirektør Elisabeth Storaas Heggen og næringssjef Øyvind Såtvedt fekk byråden ei omvising på campus der ho mellom anna fekk møte studentar på universitetet sin Makerspace.

– Universitetet utdannar til dei yrka vi som kommune har bruk for og som gjer oss i stand til å løyse samfunnsflokane vi står i. Vi set stor pris på Holmlia-satsninga, som har mykje å seie for utvikling i heile byen vår, understreka North. 

Viste fram innovasjonsarbeidet

Det var særleg innovasjonsarbeidet ved OsloMet som blei vist fram på møtet, som vart leia av prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid, Carl Thodesen. 

Ei gruppe menneske går rundt på OsloMet sin studiestad i Pilestredet.

Prorektor Carl Thodesen viste delegasjonen frå Oslo kommune rundt på OsloMet. Foto: Marianne Aasen

Politikarane fekk også høyre innleiingar av Mette Tollefsrud frå OsloMet Holmlia, Ida Laustsen frå innovasjonsdistriktet Punkt Oslo og Ranveig Strøm frå Gründergarasjen, som OsloMet samarbeider tett med.

Thodesen er glad for å kunne ta imot byråden:

– Det er viktig for oss på OsloMet at lokalpolitikarane i Oslo kjenner oss. Vi er kommunen sitt universitet. Vi forskar på og med Oslo kommune og kommunane rundt oss, og da er det viktig at dei kjenner oss og vi kjenner dei. Dessutan vil mange av våre studentar jobbe i Oslo kommune etter endt utdanning, seier han. 

Publisert: 11.11.2025 | Åshild Losnegard