Ein mannleg student med gul fadder-tskjorte smiler til kamera

Rekordopptak på OsloMet – sjukepleie mest populært

For første gong har OsloMet sendt tilbod om studieplass til over 10 000 søkarar. Sjukepleieutdanninga har den største auken i antal studentar og er det mest populære studieprogrammet.

Samla sett har 10086 søkarar over heile landet tatt imot tilbod om studieplass ved OsloMet gjennom samordna opptak i år. 

– Eg er glad for at stadig fleire vel høgare utdanning ved OsloMet. Vi har ansvar for å utdanne til viktige yrke for samfunnet, og vi ser at mange av profesjonsstudiane våre er populære blant søkarane, seier prorektor for utdanning, Silje Fekjær. 

Fleire studentar på sjukepleieutdanninga

I år tar OsloMet opp 120 fleire studentar på den største sjukepleieutdanninga i landet, noko som er ein solid auke frå i fjor. 50 av dei nye studieplassane er på det nye deltidsstudiet vårt i sjukepleie på Kjeller på Romerike. I tillegg tar vi opp 70 fleire studentar på heiltidsstudiet i Oslo. 

– Vi er glade for å ønske velkomne 830 nye sjukepleiestudentar til hausten. Noreg har eit stort behov for sjukepleiarar dei neste åra, og det er flott at så mange unge ønsker å bidra inn i helsetenestene, seier Fekjær. 

Prorektoren framhevar også at det er positivt at det nye deltidsstudiet i sjukepleie på Kjeller treffer så godt blant søkarane.  

– Det viser at det er eit behov for denne typen fleksible studiar for dei som ønsker å kombinere høgare utdanning med jobb ved sida av.  

Auka konkurranse og fleire menn på sjukepleie

Poenggrensene for å komme inn på sjukepleieutdanningane ved OsloMet har auka mykje i 2025, og det er sterk konkurranse om plassane og godt kvalifiserte søkarar. 

For sjukepleie heiltid i Oslo er poenggrensa i ordinær kvote 46,5 i år mot 40,2 i fjor. For sjukepleie heiltid på Kjeller er poenggrensa 45 i år, mens alle kvalifiserte søkarar kom inn i 2024. Det nye deltidsstudiet på Kjeller har i sitt første opptaksår ei poenggrense på heile 52 poeng. 

Antalet mannlege søkarar til sjukepleiarutdanninga ved OsloMet aukar, og universitetet har aldri tidlegare tilbode studieplass til så mange menn. I år tar vi opp til saman 241 menn mot 208 i fjor.

– Vi har jobba målretta med rekruttering og å skape gode fellesskap på studiet, seier Fekjær.  

Oppgang for lærarutdanningar

Samanlikna med i fjor har fleire fått tilbod om studieplass på grunnskolelærarutdanningane og lærarutdanningane i praktiske og estetiske fag. I år har OsloMet sendt ut tilbod om studieplass til 938 studentar mot 504 i fjor.

– Det er viktig for samfunnet at vi utdannar fleire godt kvalifiserte lærarar. Det er derfor veldig positivt at trenden ser ut til å ha snudd, og at vi kan tilby fleire søkarar plass på utdanningane, seier Fekjær.

Fleire studieplassar til barnevern og sosialt arbeid 

Det er stor interesse for bachelorprogramma i sosialfag og barnevern og eit aukande behov for denne kompetansen i samfunnet. OsloMet har derfor utvida tilbodet med 70 nye studieplassar, fordelt med 35 plassar på sosialfag og 35 på barnevern. 

– Vi ønsker å bidra til å utdanne fleire til desse sentrale velferdsyrka og det var derfor viktig for oss å kunne tilby plass til endå fleire søkarar i år, seier Fekjær. 

Godt kvalifiserte søkarar 

Universitetet opplever generelt stor pågang frå godt kvalifiserte søkarar, og har meir enn 600 fleire kvalifiserte førstevalsøkarar enn i fjor.  

Heile 20 av studiane på OsloMet, frå radiografi og anvend datateknologi til journalistikk og siviløkonom, har i år ei poenggrense på over 50.

Elektroingeniørutdanninga har i år dobla antalet kvalifiserte førsteprioritetssøkarar etter at studiet er delt i to bachelorprogram – elektronikk og automatisering og robotikk.  

Stor interesse på Romerike 

OsloMet ser ei aukande interesse for studiane våre frå søkarar på Romerike. Vi har i år gitt tilbod til 1436 nye søkarar frå regionen mot 1270 i fjor. 402 av desse har fått studieplass på studiestad Kjeller i Lillestrøm, i fjor fekk 309 søkarar tilbod. 

– Romerike er ein region som har stort behov for meir kompetanse og auka utdanningsnivå i befolkninga, og det er spesielt positivt å sjå at stadig fleire vel å ta utdanning ved vår studiestad på Kjeller, seier Fekjær. 

Framleis mogleg å få studieplass 

For dei som enno ikkje har fått studieplass er det framleis mogleg å søke på enkelte utdanningar.  

– Om du vil studere til hausten er det enno ikkje for seint. Det er ledige plassar fleire stader, for eksempel på barnehagelærar, kroppsøvingslærar, eller ingeniør om du har matte og fysikk, seier Fekjær.

Publisert: 25.07.2025 | Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet