Mette Helleve, Magritt Lundestad og Maria Brennhovd

Rettleing for nyutdanna lærarar kan gagne heile barnehagen og skulen

Dei første åra i yrket kan vere krevjande for nyutdanna lærarar. Forsking ved OsloMet viser korleis profesjonsfagleg rettleiing kan bidra til rekruttering, trivsel og fagleg utvikling.

Ved OsloMet forskar dosent Magritt Lundestad, universitetslektor Maria Brennhovd og førsteamanuensis Mette Helleve på ulike sider ved profesjonsfagleg rettleiing. Arbeida deira viser at god rettleiing ikkje oppstår av seg sjølv. Den må planleggast, leiast og forankrast i praksisen til barnehagen og skolen.

Etablering tar tid

– Erfaringar viser at det tar tid å etablere, implementere og institusjonalisere rettleiingsordningar i barnehagar, poengterer Lundestad.

Interne utfordringar, som manglande plan for rettleiing og oppfølging frå styrar og usikkerheit rundt når rettleiing skal gjennomførast, kan stå i vegen for at rettleiingsordningar i barnehagar blir godt implementerte. I tillegg kan mangel på informasjon om bruk av vikarar under rettleiing og godtgjering for rettleiar hindre at rettleiing blir ein fast del av praksisen til barnehagen, framhevar Lundestad.

– Nyutdanna skal ikkje berre «få rettleiing», men rettleiarane må vere kompetente, og rettleiinga må forankrast i leiinga og bli organisert slik at den blir ein del av verksemda sitt arbeid med kompetanseutvikling, fortset ho.

Planlagd og systematisk rettleiing

Saman med Maria Brennhovd, har Lundestad samarbeidd med fleire kommunar for å opprette system for planlagd og systematisk rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar.

Forskarane arrangerer også fire fagdagar i året som skal bidra til kunnskaps- og erfaringsutveksling mellom OsloMet og barnehagar. Her får rettleiarar utveksla erfaringar, reflektert og prøvde ut rettleiingsøvingar. Eksempel på rettleiingsmetodar er bruk av kollasj, teikneøvingar og fotografi som rettleiingsgrunnlag.

Teikning og fotografi opnar for andre typar refleksjonar

Gjennom teikneøvinga «Indre personleg suverenitet» opplever nyutdanna at dei kan sette ord på og meistre utfordrande situasjonar i sitt eige yrke. Nyutdanna finn her frem til ein situasjon dei har opplevd å meistre, og teiknar denne som grunnlag for refleksjon.

– Å fordjupe seg i ein praksissituasjon gjennom teikning auka merksemda til dei nyutdannede og gav større djupne i refleksjonane, fortel Lundestad.

Forskinga hennar viser at bruk av teikning kan opne for andre typar refleksjonar enn berre samtale. Når erfaringar blir visualiserte, kan både tankar, kjensler og vurderingar bli tydelegare. Det kan gi rettleiinga større djupne og gjere det lettare å arbeide med dei personlege og profesjonelle sidene ved det å vere ny i yrket.

Bruk av fotografi som rettleiingsgrunnlag er ein annan metode som rettleiarar har utforska på fagdag.

– Fotografi kan vere ein reiskap for refleksjon som kan gjere det lettare å sette seg inn i den nyutdanna sin problemstilling. Forsking viser at metoden kan bidra til kraftfulle refleksjonar over praksis, der deltakarane ser samanhengar mellom ulike delar av profesjonsutøvinga si, forklarer Brennhovd.

Følelsar er ein del av lærararbeidet

Mette Helleve har forska på dei emosjonelle sidene ved rettleiing. Ho har følgt rettleiarnettverk i fleire kommunar og undersøkt korleis rettleiarar på skolar møter studentar og nyutdanna sine emosjonelle erfaringar.

– I samspelet mellom nyutdanna og rettleiar kan det oppstå kjensler som kan vere både positive og krevjande. Likevel blir dette i liten grad tematisert i sjølve rettleiinga, og dukkar ofte heller opp i uformelle samanhengar – i lunsjen, med venner eller familie, seier Helleve.

– Det er i dialogen med den nyutdanna læraren at rettleiaren speler ei avgjerande rolle. Deling, og det å by på seg sjølv, bidrar til å bekrefte relasjonen. Det kan også handle om å dele ståstad, perspektiv, hendingar og vurderingar. På den måten vil både nyutdanna og rettleiar kunne oppleve meining i rettleiinga, fortset ho.

Forskinga til Helleve  viser at når lærarstudentar og nyutdanna sine emosjonelle erfaringar blir anerkjente og trekte inn som ein didaktisk komponent i rettleiinga, aukar tilfredsheit og meistring. Det kan igjen påverke gjennomføringa av studia og ønsket om å bli verande i jobben som lærar.

Rettleiing bidrar til meir enn støtte

Resultata til forskarane peikar på at god profesjonsfagleg rettleiing kan bidra til meir enn å støtte kvar enkelt nyutdanna lærar. Den kan også styrke arbeidet til barnehagen og skolen med kvalitet, rekruttering og kompetanseutvikling. Når rettleiinga får ein tydeleg plass i organisasjonen, aukar sjansen for at nyutdanna lærarar både utviklar seg fagleg, trivst i yrket og blir verande.

Om rettleiing for nyutdanna lærarar

Alle nyutdanna lærarar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring skal tilbydast profesjonsfagleg rettleiing dei to første åra i yrket, ei ordning som er forankra i strategien til regjeringa “System for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skole” (regjeringen.no pdf).

Rettleiing skal gi nyutdanna betre føresetnader for å møte krav og forventningar. Det skal bidra til tryggleik i lærarrolla, å bygge profesjonsidentitet og til å inkludere nyutdanna i det faglege fellesskapet.

Veilederutdanninger

Referansar

Brennhovd, M. (2025). Fotografi som redskap for refleksjon i gruppeveiledning (boap.uib.no). Nordisk Tidsskrift I Veiledningspedagogikk, 10(2).

Helleve, M. (2025). Sentimentalisering som didaktisk innholdskomponent i dialogbasert pedagogisk veiledning (boap.uib.no). Nordisk Tidsskrift I Veiledningspedagogikk, 10(2).

Helleve, M.B. (2019), Lintorp, T., & Martiniussen, L. S. (2019). Å utvikle se i rollen som veileder: Om den emosjonelle delen ved veiledning (fagbokforlaget.no). Pedlex.

Lundestad, M. (2025). Intern veiledning for nyutdannede barnehagelærere – hva skal til for å lykkes med implementering? (cdforskning.no) i E. Bjerkholt, N. A. Vasseljen, A. K. Dahl & G. S. Steinnes (Red.), Profesjonsfaglig veiledning for individuell og kollektiv utvikling (s. 327–347). Cappelen Damm Akademisk.

Lundestad, M. (2025). «Det er fascinerende hvor mye en enkel tegning kan få frem av følelser og tanker»: Om bruk av tegning i profesjonsveiledning og utvikling av barnehagelæreres indre personlige suverenitet (boap.uib.no). Nordisk tidsskrift i veiledningspedagogikk (NORDVEI). (Vol 10) 2/2025.

Publisert: 11.09.2026 | Eva Skals Johnskareng | Foto: Pia Lang-Holmen / OsloMet