Vil kommunen din forbetre tenestene gjennom forsking? OsloMet inviterer til eit samarbeid om Offentleg sektor-ph.d.
Kva er Offentleg sektor-ph.d.?
Offentleg sektor ph.d.-ordninga (OFFPHD) er ei finansieringsordning der offentlege arbeidsgivarar kan søke om støtte frå Forskningsrådet slik at ein tilsett kan gjennomføre eit doktorgradsprosjekt.
Temaet for doktorgradsprosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar innanfor ansvarsområda til verksemda og produsere resultat som er relevante for verksemda.
Kvifor samarbeide med OsloMet om eit OFFPHD-prosjekt?
Prosjektet kan mellom anna bidra til langsiktig kompetansebygging hos tilsette i offentleg sektor, tettare samarbeid mellom offentleg sektor og forskingsmiljø og til at det blir lettare å ta forskingsbasert kunnskap i bruk.
Kva kan de få støtte til?
Forskingsrådet bidreg vesentleg til finansieringa:
- Kommunen kan få dekt inntil 50 % av dei godkjende prosjektkostnadene. Resterande kostnader dekkast av kommunen.
- For treårige prosjekt er støtten inntil om lag 715 000 kr per år, og for fireårige prosjekt inntil om lag 536 000 kr per år.
Krav til gjennomføring og kandidat
- Kandidaten må vere fast tilsett i kommunen og ha ein mastergrad. Ordninga gjeld ikke for dei som allereie har ein doktorgrad eller har starta på eit ph.d.-løp.
- For å sikre god fagleg forankring skal kandidaten tilbringe til saman minst eitt år på OsloMet og minst eitt år i kommunen i løpet av prosjektperioden. Opphaldet treng ikkje å vere samanhengande og kan delast opp i fleire kortare delar fordelt over prosjektperioden.
- Vi inngår ein formell samarbeidsavtale og gjennomfører framdriftsmøte kvart semester.
Slik kjem vi i gang
For å lykkast må vi etablere eit tett trepartssamarbeid mellom verksemda, kandidaten og OsloMet.
- Ver tidleg ute: Søknader blir behandla løpande fra og med 21. januar, og midlar delast ut til budsjettet er tomt. Det er ingen fast frist, så det lønner seg å starte prosessen no.
- Samarbeid før søknad: Vi må samarbeide tett om prosjektutviklinga, da opptaksprosessen til eit ph.d.-program ved OsloMet må vere i gang før søknaden blir send.
Oppstart og utlysningstekst
For denne runden må prosjektet starte mellom 10. august 2026 og 4. januar 2027.
Ytterlegare detaljar er tilgjengelege i utlysningsteksten (forskningsradet.no)
Denne ordninga blir lyst ut årleg. Dersom det ikkje blir aktuelt å søke i år, er det lurt å planlegge for neste utlysing allereie no.