Ein mann held ein mikrofon og snakkar til eit publikum.

– Vi må sørge for at vi lagar noko som faktisk løyser eit behov

Oppstartsbedrifter pitchet sine idear for å skapa eit inkluderande samfunn, med bydel Søndre Nordstrand som utgangspunkt.

– Ved å jobbe saman for å fremme nyskapande oppstartsbedrifter, håpar vi å skapa ein meir berekraftig hovudstad, både sosialt og miljømessig, seier Marte Sootholtet, dagleg leiar av ImpactStartUp.

ImpactStartUp, i samarbeid med Gründergarasjen, står bak programmet «South Zero Accelerator» (impactstartup.no). Programmet varer i fem månader, og målet er å løfta fram løysingane til bedriftene på inkludering og berekraft i samfunnet.

Lager ein app som skal hjelpe barn med autisme

Cliff Baluyot presenterte selskapet Sunstone (biletet i toppen). Selskapet utviklar appen Pathways, som skal hjelpa barn og unge med autisme.

– Appen vår sørger for meir effektivt samarbeid mellom dei tilsette i barnehage og skule, og foreldra, fortel Baluyot.

– Barn med ekstra behov får spesialpedagogisk hjelp og opplæring i barnehagen. Dette har tradisjonelt vore registrert i skjema med penn og papir, og arkivert i permar. Vi foreslo å gjere dette permsystemet digitalt, og det er dette som er Pathways, seier Sigmund Eldevik.

Sigmund Eldevik er professor i psykologi ved OsloMet, og ein av dei faglege rettleiarane i Sunstone.

– Vi må teste appen kontinuerleg og sørge for at vi lagar noko som faktisk løyser eit behov. Vi ønsker å tilby tenesta på skular og barnehagar i Søndre Nordstrand, da vi veit at behovet er stort, seier Baluyot.

– OsloMet er ein viktig samarbeidspartnar

Julianne Ferskaug, byråd for sosiale tenester, var til stades for å høyre ideane til gründerane.

– I bydel Søndre Nordstrand finst det mange talentfulle menneske med entusiasme, ambisjonar og draumar, og blant desse finst uutnytta talent, arbeidskraft og kompetanse. Det skal vi satse på, fortel Ferskaug under opninga av programmet.

Ei kvinne snakkar inn i ein mikrofon og held gule talekort med Oslo kommunes logo på. I forgrunnen kan ein skimta fleire bakhovud.

Julianne Ferskaug ønskte gründerane velkommen til Holmlia og Bydel Søndre Nordstrand. Foto: Pål Arne Kvalnes/OsloMet

– OsloMet er ein viktig samarbeidspartnar på grunn av nærværet sitt i bydelen og satsing på entreprenørskap. OsloMets engasjement og kunnskap vil komme alle deltakarar til gode, seier Ferskaug.

Vil hjelpe ungdom ut i jobb

Maiken Lønnerød og Katerina Eriksen pitchet prosjektet Arbeidssmia. Målet med Arbeidssmia er å bygge bru mellom arbeidslivet og dei unge som har falle utanfor jobb og skule.

Lønnerød og Eriksen fortel at trass i all den gode jobben NAV gjer med kartlegging og oppfølging, er det noko med møtet med næringslivet som ikkje fungerer.

– Det er her vi har lyst til å komme inn og gjere denne overgangen så trygg som mogleg, for både den enkelte og for næringslivet, seier Lønnerød.

To damer smiler breitt til kamera. Dei held rundt kvarandre på ein kameratsleg måte.

– Vi har jobba med ungdom som står utanfor arbeid, opplæring og utdanning dei siste 12 åra gjennom andre prosjekt, og har lært mykje om kva behov denne gruppa har, fortel Eriksen. F.v.: Katerina Eriksen og Maiken Lønnerød. Foto: Pål Arne Kvalnes/OsloMet

Ideen med Arbeidssmia er å kartlegge sårbarheitene og kompetansane til den enkelte, tilby dei ein trygg plass, og gi dei god tid til å bli kjende med arbeidslivet.

Så gjeld det å «matche» bedrift med den arbeidsledige, og følge opp over lengre tid.

– Vi har jobba i fleire bydelar i Oslo, og har laga modellar som tilpassar seg behovet til området. Her på Holmlia kunne vi til dømes sett i verk slike modellar i samarbeid med NAV i bydelen, seier Eriksen.

Publisert: 15.01.2024 | Kamilla Brandal | Pål Arne Kvalnes