Vil du lære meir om strategiprosessar i verksemder?

Fire mennesker sitter i en sofargruppe og snakker sammen.

I denne vidareutdanninga lærer du om kva som ligg i strategiomgrepet og korleis strategiar kan skape verdiar og lønnsemd.

– Gode strategiprosessar er avgjerande for å oppnå langsiktig overleving for ulike verksemder. Ein strukturert prosess er viktig for å identifisere moglegheiter, handtere risikoar og tilpasse seg endringar i omgivnadene, seier Fred Strønen. 

Strønen er studieleiar ved Handelshøyskolen på OsloMet. 

– I dette studiet vil du lære meir om strategiske analysar og korleis strategiar kan bidra til verdiskaping. Vi tek også for oss korleis du kan skape langvarige konkurransefortrinn, utvikle ressursar og kapabiliteter for framtida, seier han. 

Kva ønskjer verksemda å skape? 

– Ein god og tydeleg strategi inneber at verksemda har ei klar oppfatning om kva retning ein ønskjer å skape, kva ho vil oppnå og kvifor, seier studieleiar Fred Strønen. 

Strønen meiner ein god strategiprosess gir klare føringar gjennom strategiske mål og tiltak.

– For å lykkast er det viktig å forstå kva premissar som ligg til grunn, dei ulike kreftene strategien set i spel og ikkje minst forståing for sjølve gjennomføringa, seier Strønen.

Kva lærer du? 

– Som student vil du få tilgang til gode analyseverktøy for å berekne ressursbehov, risiko, omgivnader og konkurransesituasjon, seier Strønen.

– Men ikkje minst vil du få kunnskap om korleis gjennomføre gode strategiske prosessar, implementering og iverksetjing av tiltak.

Portrett av Fred Strønen.

Fred Strønen underviser i vidareutdanninga i strategiprosessar Foto: Pål Arne Kvalnes

Du treng ikkje vere toppleiar for å ta dette emnet. Det passar for deg som jobbar med strategi, eller i linja, i stab eller gjennom strategi- eller marknadsanalyse. Du er gjerne mellomleiar, teamleiar eller avdelingsleiar, eller analytikar frå ulike sektorar eller bransjar så vel som offentleg sektor.

– Gjennom studiet vil du opparbeide ei betre forståing for kva som trengst for å få til gode implementeringsprosessar. I tillegg til korleis du best kan operasjonalisere strategiar i organisasjonen eller verksemda di. Dette skjer på bakgrunn av eit grundig analysearbeid, forståing for endringar, reflekterte val av retning og iverksetjing av tiltak, seier Strønen.

Undervisninga er variert

Undervisninga vil veksle mellom fysiske samlingar, digitale læringsformer, forelesingar, gruppepresentasjonar og casediskusjonar, og supplerast med bruk av digitale ressursar.

– Arbeidet mellom samlingane handlar om å omarbeide inntrykk og erfaringar og lese meir om kvart enkelt tema. For dette arbeidet legg vi til rette materialet i ei digital form, slik at det blir lett for deg å finne varierte arbeidsformer, seier Strønen.

Du som tek studiet, må kunne kople ny innsikt til eigen arbeidssituasjon. I tillegg kjem du i eit læringsfellesskap med andre medstudentar som gir høve til diskusjon og erfaringsutveksling på tvers av verksemder og bransjar.

Du må gjerne vere i full jobb

– Vi tek utgangspunkt i at deltakarane har full jobb ved sida av. Det gjer vi mellom anna gjennom å ha ei rekkje digitale ressursar tilgjengeleg, som videopresentasjonar, podkast og interaktive oppgåver. Vidare er det få, men konserterte samlingar, inkludert nokre webinar, slik at det skal vere mogleg å gjennomføre dette samtidig med jobb og andre forpliktingar, seier Strønen. 

Samtidig er det også slik at det nok krevst at du set av litt tid og er førebudd på å vere i eit deltidsstudenttilvære perioden studieemnet går føre seg. 

Kontakt

Laster inn ...