Ei nasjonal arbeidsgruppe har foreslått tiltak for å tilpasse det til studentane sine føresetnader.
På ein konferanse for forkursa 22. – 23. oktober 2026 presenterte førsteamanuensis Leiv Øyehaug forslaga til endra retningslinjer for forkurs til ingeniørutdanning.
Øyehaug viser til ei utvikling med færre som fullfører forkurset, og aukande strykprosent, særleg i realfaga.
– Dei siste åra har dessverre vist synkande resultat og minskande gjennomføringsrate i forkurset. Målet med endringane er at fleire forkurskandidatar, gjennom meir ferdigheitstrening, skal løftast til nivå der dei kan seiast å vere godt budde til ingeniørstudium, seier Øyehaug.
Vil styrke grunnleggjande ferdigheiter
– Dette er spesielt viktig sidan det vert forventa at forkurskandidatane framover vil ha svakare førekunnskapar og ferdigheiter enn dei kandidatane vi har i dag. Førebuinga inneber primært styrking av faglege ferdigheiter, men skal også gje forkurskandidatane erfaring med og forståing av kva det vil seie å studere.
Dei viktigaste forslaga til arbeidsgruppa var å
- leggje større vekt på grunnleggjande ferdigheiter med sterk vekt på fysikk og matematikk, studentane skal få betre tid til å lukkast, og det inneber å prioritere bort enkelte tema i faginnhaldet
- styrkje norsk og lese- og skriveferdigheiter, arbeidsgruppa foreslår å auke emnet norsk til 25 prosent, då PISA og andre undersøkingar viser svakare ferdigheiter, og ingeniørstudentar må kunne lese omfattande fagtekster, og dei må kunne skrive sjølve
- ta ut engelsk som emne, fleirtalet foreslår dette for å frigjere tid til norsk og matematikk
- føre vidare emnet teknologi og samfunn med forslag om lokal eksamen for å få lokale tilpassingar, men her var det usemje i gruppa
- ta KI inn i læringsutbytet, studentane skal få kunnskap om mogelegheiter og risiko ved bruk av kunstig intelligens
– Med auka vektlegging på grunnleggjande ferdigheiter ser vi føre oss at studentane får betre høve til å få læring i djupna ved at det vert frigjort meir tid til trening av grunnferdigheitene. Det er avgjerande at studentane får nok tid til å drive problemløysing slik at læring faktisk skjer.
Difor vurderer ein også obligatorisk oppmøte som eit tiltak.
Forslaga til arbeidsgruppa er ikkje endeleg vedtekne. Øyehaug forklarar at arbeidsgruppa har prøvd å samle ulike synspunkt etter ei høyring der institusjonane til dels var usamde.
Udekt behov for kompetanse
Bakteppet er realfagskrisa, der dei som orienterer seg mot ingeniørutdanningane har synkande kunnskapar og ferdigheiter i realfag og matematikk. Og svakare resultat i desse faga kan på sikt svekkje tilgangen på ingeniørar og teknologisk kompetanse.
– Fleire rapportar peikar på at Europa og Noreg har eit stort og udekt behov for kompetanse innan realfag og teknologi. Forkurset er eit av dei viktigaste verkemidla for å kunne utdanne fleire ingeniørar, og gjer det mogleg å bli ingeniør sjølv om ein ikkje har teke matematikk og fysikk på vidaregåande skule, seier leiar for Institutt for informasjonsteknologi, André Brodtkorb, som heldt innlegg på konferansen.
– Du meiner universiteta må få større ansvar for studentar som ikkje har godt nok grunnlag i realfag og matematikk. Kva bør dei konkret gjere annleis?
– Universiteta har allereie eit stort ansvar for å sikre auka rekruttering til og gjennomføring av ingeniørutdanningane, og det kan med fordel styrkast enda meir. Løyvingsforslaget frå regjeringa til dette føremålet i statsbudsjettet for 2027 er på mange måtar ei oppfordring og start på dette.
Regjeringa har foreslått 120 millionar for å styrke kvalitet og rekruttering til ingeniørutdanningar i statsbudsjettet, dette omfattar blant anna forkurset.
– Denne satsinga er eit godt steg i rett retning, men kva som må gjerast annleis enn i dag, vil variere frå lærestad til lærestad. På OsloMet kjem vi til å setje i verk kunnskapsbaserte tiltak som er tilpassa studentane våre og undervisningsopplegget vårt.
Forkurset må få betre finansiering
– Til forkurset er det ikkje øyremerkte midlar på statsbudsjettet, og universiteta må sjølv prioritere å dekkje kostnadene. Kva konsekvensar har manglande finansiering av forkurset fått, og kva slags finansieringsordning meiner du er nødvendig?
– Forkurset er ei nasjonal ordning som er svært viktig for å byggje opp ingeniørkompetanse i Noreg. Samtidig ser vi at forkurs på enkelte studiestader har vorte lagde ned av lokale økonomiske omsyn.
Det vil seie at lokale økonomiske omsyn veg tyngre enn dei nasjonale behova.
– Dette er ein uheldig konsekvens av finansieringsmodellen vi har hatt fram til no, og eg meiner det bør vere økonomiske insentiv som sikrar at forkurset er økonomisk berekraftig også lokalt.
– Kva kan OsloMet oppnå med betre finansiering av forkurset? Kan fleire få tilgang til forkurs? Kan undervisninga bli betre? Og kan fleire gjennomføre ingeniørutdanninga?
– Alle disse punkta er relevante, men vi må ikkje sjå oss blinde på forkurset som det einaste verkemiddelet. Det er viktig å støtte opp om matematikk og realfag frå barnehagen til fullført doktorgrad.
– Forkurset er ein svært viktig del av biletet, men vi må ikkje gløyme heilskapen. Dersom satsinga på forkurs går ut over ingeniørutdanningane, gjer vi oss sjølve ei bjørneteneste.
Å lære matematikk er framleis svært viktig, sjølv om vi har KI
– Korleis kan KI påverke motivasjonen for å lære til dømes matematikk, og kvifor er matematikk-kunnskapar, utan bruk av KI, framleis viktige, til dømes på forkurs?
– Då kalkulatoren kom, erstatta han mykje av behovet for hovudrekning, og det er svært få som er gode i hovudrekning i dag. KI har potensial til å gjere det same med langt meir komplisert matematikk.
– Men vi lærer ikkje matematikk i dag berre for å løyse problem som ei datamaskin kan løyse for oss.
Å lære matematikk utviklar den mentale kapasiteten på ein måte som få, om nokon, andre fagområde kan.
– Dersom vi sluttar å lære matematikk, vil det få dramatiske konsekvensar for evna vår som samfunn til å løyse komplekse problem.
– Kva meiner du regjeringa bør prioritere i den komande realfagsstrategien?
Eg vil gjerne gje to heilt konkrete råd: Ikkje gjer vondt verre, og tenk langsiktig, gjerne 25 år fram i tid, seier Brodtkorb
Kontakt
Meir om forkurs til ingeniørutdanning
Forkurset er for deg som mangler generell studiekompetanse eller fysikk og matematikk fra videregående skole for å være kvalifisert til ingeniørutdanning.
For Tony og Kevin har det vært tidsbesparende og mer lærerikt å ta forkurs til ingeniørutdanning framfor å ta fagene de trenger på videregående skole.