Seks panledeltakarar sitt på scenen på Litteraturhuset foran eit stort lerret med ein plakat sin det står Architecture of Repair in Palestine på.

– Universiteta må ta større ansvar for situasjonen i Gaza

Øydeleggingane i Gaza er òg eit angrep på historie og minne. Det var utgangspunktet då OsloMet i november inviterte til workshop og samtale om gjenoppbygging og motstand i Palestina på Litteraturhuset.

Målet var å løfte fram palestinske erfaringar, drøfte korleis kulturarv kan bevarast midt i øydeleggingane – og gi plass til stemmer som ofte manglar i norsk offentlegheit.

Eit minnearkiv som dokumenterer liv og tap

Arrangementet blei halde i samarbeid med «Architecture of Repair in Palestine», eit nomadisk forum drive av Emilio Distretti, forskingsveiledar ved RCA – Institutt for arkitektur i London, og Husam Abusalem, stipendiat ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Forumet samlar arkitektar, kunstnarar, konservatorar, forskarar, aktivistar og lokalbefolkning for å dele erfaringar og utforske korleis palestinarar sjølv kan leie gjenoppbygginga av Palestina og bevare kulturarven midt i krig og okkupasjon.

Ei sentral problemstilling er kva objekt og spor frå i dag som vil forme morgondagens forståing av Palestina – som eit arkiv som dokumenterer både liv og tap.

Jamila J. Ghaddar, Sophia Azeb og Husam Abusalem sitt på scena på Litteraturhuset.

Sophia Azeb, Jamila J. Ghaddar og moderator Husam Abusalem på scena på Litteraturhuset. Foto: Architecture of Repair in Palestine

– Å minnast er eit botemiddel mot øydelegging og fordriving

Første del av dagen var ein workshop, med forskarar frå blant anna Palestina, Noreg, Canada og USA.

– Øydeleggingane i Gaza handlar òg  om at dokument og historie blir viska ut. Tenk på minnearkiv som ei politisk kraft og eit radikalt arbeid for å attskape det som er gått tapt, sa Abusalem i introduksjonen sin.

Han skildra det å minnast som ei form for reparasjon eller eit botemiddel mot øydelegging og fordriving. Samtala rundt bordet krinsa rundt korleis minnearbeid er ein kamp mot kolonialisme, og at ein må hugse for å kunne gjenreise.

Deltakarane med palestinsk bakgrunn delte personlege historier og minne om objekt og stader som er viktige for dei, og som ber med seg minne om palestinske liv.

Oddgeir Odland står på scena og snakkar. Vi ser nokre av paneldeltakarane som sitt bak han,

Dekan Oddgeir Odland ønsker velkommen og held si innleing. Foto: Architecture of Repair in Palestine

Palestinske stemmer i det norske ordskiftet

Seinare på dagen held dei fram samtalene med ein open sesjon framfor publikum på Litteraturhuset. 

Innleiarane var Sophia Azeb, førsteamanuensis ved Universitetet i California, Toufoul Abou-Hodeib, professor i historie ved Universitetet i Oslo, og Dr. Jamila J. Ghaddar, førsteamanuensis ved Universitetet i Amsterdam.

– Både norske og internasjonale universitet må ta større ansvar for situasjonen i Gaza, seier Oddgeir Osland, dekan ved Fakultet for samfunnsvitskap.

Han er glad for at OsloMet og Fakultet for samfunnsvitskap kunne vere vertskap for samlinga.

– Eg synest dette todelte arrangementet og samtalene vi fekk, trefte godt med ambisjonane våre. Vi er mange som spør oss sjølve: Kva kan vi gjere? Kva initiativ kan vi ta for å medverke til at situasjonen i Gaza får merksemd, at det vert skapt rom for ettertanke og solidaritet? Og dersom kvar einskild av oss og kvar einskild organisasjon kjem med sine små bidrag, kan palestinske stemmer og erfaringar få litt meir av sin rettmessige plass i det norske ordskiftet.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Nytt EU-prosjekt skal styrke utdanning og motstandskraft i Palestina og Ukraina

Skal gi studentar i Palestina og Ukraina praktiske verktøy for å styrke lokalsamfunna sin motstandskraft i møte med krig.

Ei gruppe menneske står i ruinane av fleire hus i Gaza.
Utdanning som motstandskamp i Gaza

Midt i den forferdelege krigen i Gaza har unge palestinarar risikert livet for å logge seg på nett og skaffe seg ei utdanning. For mange gir krigen i seg sjølv motivasjon til å lære.

Det ødelagte Islamske universitetet i Gaza.
Publisert: 29.01.2026 | Kristine Welde Tranås | Foto: Architecture of Repair in Palestine