Portrettbilete av forskaren Tone Liodden som ser i kamera og smiler.

Utvandring blant etterkommarar av innvandrarar

Kva får unge vaksne med innvandrarbakgrunn til å forlate Noreg? Det skal eit nytt forskingsprosjekt ved NIBR undersøkje.

Våren 2025 starta samfunnsredaktør Rima Iraki i Romerikes Blad ein engasjerande debatt om såkalla «eliteinnvandrarar» som vurderer å flytte frå Noreg.

Ho skildra unge vaksne med innvandrarbakgrunn, høg utdanning og sterke band til foreldra sitt opphavsland, som no ser mot utlandet, anten for jobb, livskvalitet eller tilhøyrsle.

Debatten sette søkjelys på eit tema det finst lite forsking på: utvandring blant etterkommarar av innvandrarar. Medan innvandring er grundig studert, veit vi langt mindre om kven som vel å forlate Noreg, og kvifor.

– Vi veit mykje om kven som kjem til Noreg, men langt mindre om kven som dreg. Det gjeld også etterkommarar av innvandrarar, seier prosjektleiar Tone Liodden.

Ho er forskar ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet.

Kva skal prosjektet finne ut?

Forskarane skal kartleggje:

Prosjektet kombinerer analysar av registerdata med kvalitative intervju for å gi eit nyansert bilete av utvandringsmønster og motivasjonar.

– Vi ønskjer å forstå både dei strukturelle og personlege årsakene til at nokon vel å flytte. Er det utdanning, jobbmoglegheiter, diskriminering, eller kanskje ønsket om å utforske ein annan identitet? seier Liodden.

Prosjektperiode

Prosjektet blir gjennomført frå august til desember 2025.

– Dette er eit første forsøk på å belyse eit tema som mange har sterke meiningar om, men som vi veit lite om frå før. Vi håpar prosjektet kan bidra til ein meir kunnskapsbasert debatt, avsluttar Liodden.

Prosjektet er finansiert av IMDi, og blir gjennomført av forskarane Marianne Tønnessen og Tone Liodden ved NIBR.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 09.09.2025 | Kristin Horn Talgø