Portrett av Arnhild Eiken inne på OsloMet Holmlia.

Vil støtte ferske lærarar i storbyen

For nyutdanna lærarar i barnehage og skole er det avgjerande med fagleg og sosial støtte. Eit nytt initiativ på OsloMet Holmlia vil bidra til dette.

I bydel Søndre Nordstrand sluttar mange nyutdanna barnehagelærarar og grunnskolelærarar dei første par åra i jobb. 

Korleis kan desse bli tekne endå betre imot, slik at fleire blir verande i yrket, og i bydelen?

Spørsmåla var bakgrunnen for eit seminar på OsloMet Holmlia i februar. Her møttest nytilsette barnehage- og grunnskolelærarar til foredrag og diskusjon om kva ein treng som nyutdanna i storby. Å samle begge grupper på denne typen arrangement, er noko nytt i bydelen.

– Det er forskjellar mellom barnehage og skole på korleis barnehage- og skoleeigarar organiserer tilbodet om rettleiing av nyutdanna, forklarer Magritt Lundestad. Ho er dosent ved Institutt for barnehagelærarutdanning og ein av dei ansvarlege for OsloMets tilbod innan rettleiing av nyutdanna.

– No ønsker vi å samarbeida meir på tvers. 

– Her er eg meir enn berre lærar

Arnhild Eiken (biletet øvst i saka) er nyutdanna lærar på Rosenholm skole, 7. trinn.

– Her er eg meir enn berre lærar. Eg har elevar som treng meir enn berre det faglege, dei treng ekstremt mykje omsorg, fortel ho. 

Assisterande rektor ved skolen, Lene Slettestøl Døhlen, anerkjenner at det kan vera tøft å vere nyutdanna lærar i bydelen. 

– I denne bydelen er det eit mangfald, med mange ulike kulturar, og du treng ein viss kompetanse for å meistra jobben. Samtidig er det ein fantastisk fin jobb, du betyr mykje for alle der ute.

– Dei treng ein eigen storbykompetanse

– Barnehagelærarar og lærarar kan oppleva overgangen til arbeidslivet som overveldande og utfordrande, seier Lundestad. 

Ho er klar på at alle som er nye i lærarjobben kan trenge mykje fagleg og sosial støtte.

Ein arbeidsgruppe beståande av Mette Tollefsrud og Nabila Habib frå OsloMet Holmlia, Lene Slettestøl Døhlen, assisterande rektor ved Rosenholm skole, Lars Embretsen, styrer i Blakkens vei barnehage, Mette Helleve frå Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, samt Lundestad, har planlagt og leia seminaret.  

Ein gruppe menneske sit rundt eit bord i et møtelokale.

– Vi ønsker å samarbeide meir på tvers, seier Magritt Lundestad (nummer to frå venstre), som var ein av initiativtakarane til eit felles seminar for nyutdanna barnehage- og grunnskolelærarar. Foto: Oana Pintilie.

Dei inviterte til faglege innlegg etterfølgde av ein samtale om kva nyutdanna lærarar i Søndre Nordstrand treng.

– Her møter lærarane barnegrupper og foreldregrupper med veldig variert bakgrunn, seier Lundestad.

Ulike og varierte krav og forventningar frå foreldre kan til dømes gjere nyutdanna usikre på kor mykje omsyn dei skal ta til enkeltpersonars ønske. 

– Vi trur dei treng ein eigen «storbykompetanse» for å navigera i dette landskapet, seier Mette Tollefsrud, prosjektleiar ved OsloMet Holmlia.  

Portrett av Manisha Sierra Kaushal foran en mørk vegg innendørs.

– Det er veldig spennande, men det er tungt. Samtidig er det gøy, og eg har lyst til å bidra, seier nytilsatt pedagogisk leiar Manisha Sierra Kaushal. Foto: Oana Pintilie

 Manisha Sierra Kaushal er ny som pedagogisk leiar i Blakkens vei barnehage, etter tidlegare å ha jobba på Torshov. 

– Det er heilt andre utfordringar her. Det er veldig spennande, men det er tungt. Samtidig er det gøy, og eg har lyst til å bidra.

Kaushal fortel at møter med arbeidskollegaene hennar har hjelpt henne mykje som ny i jobben. 

Må vere lov å seie kva ein synest er vanskeleg

Lars Embretsen er styrar i Blakkens vei barnehage, og jobbar med rettleiing av nyutdanna i alle kommunale barnehagar i Søndre Nordstrand. 

– Rettleiing er viktig arbeid.  Vi ønsker å finne ut korleis vi kan styrke dei som skal jobba hos oss, seier han.

– Vi må skape eit klima der det er lov å seie kva ein synest er vanskeleg.

Han har gode erfaringar med grupperettleiing, då barnehagelærarane ofte står i dei same utfordringane, og kjenner seg igjen i kvarandre.

Vi treng støtte til å sette grenser

Grupperettleiing er noko som fleire på seminaret ønsker meir av. Mellom anna Simen Haglund, lærar på Klemetsrud skole, 3. trinn.

Haglund meiner også lærarar må få støtte til å sette grenser.

– Det å kunna sette rammer for seg sjølv er viktig for å klare å bli verande i lærarrolla. Vi får ikkje opplæring i korleis ein set grenser, seier Haglund. 

Den nyutdanna er også ein ressurs

Arnhild Eiken meiner støtte frå kollegaer er veldig viktig for å få nytilsette lærarar til å halda fram i jobben. 

– Det som trengst er gode folk rundt deg. Kollegaer på skolen må også vere førebudde på at det er vanskeleg for nyutdanna, seier ho. 

Lundestad meiner samtidig at vi ikkje må gløyme at den nyutdanna også er ein ressurs, ikkje berre ein som treng ekstra hjelp. I innlegget sitt la ho fram forsking på dette.

– Nyutdanna har oppdatert fagkunnskap, høg digital kompetanse, og er ofte fleksible og klare for nye utfordringar. Dei har med seg ein entusiasme som kan smitte over på resten av arbeidsplassen, seier Lundestad.  

Om rettleiing av nyutdanna lærarar

Les meir om rettleiing av nyutdanna lærarar.

Les meir om OsloMet Holmlia.

Publisert: 14.03.2024 | Oana Pintilie | Siv Tonje S. Håkensen