Ein gruppe studentar frå Yale jobber saman på ei datamaskin.

Yale-studentar jobba med problemstillingar i Søndre Nordstrand

For andre året på rad har studentar frå Yale University besøkt OsloMet Holmlia. I år som i fjor fekk dei bryna seg på lokale problemstillingar.

– Det har vore ei fantastisk moglegheit å få komma hit til Noreg. Me har hatt mange fine samtalar, seier Yale-student Christine Sedlack. 

Studentane frå Yale har jobba ein heil dag i grupper med tilsette i Bydel Søndre Nordstrand og studentar frå OsloMet med problemstillingar gitt av bydelen.

– Eg trur det hjelper på at me kjem frå ein mangfaldig skule med mange internasjonale studentar. Det hjelper oss med å skape nye idear og sjå innovasjon på ein annan måte, seier ho. 

Ho og 31 andre studentar kjem frå Yale School of Management, ein handelshøgskule under Yale University.

– Me lærer business og samfunn der me studerer. Samfunnsdelen i faget vårt er veldig viktig når me jobbar med problemstillingar som i dag, seier Sedlack. 

Dette er problemstillingane dei jobba med

Portrettbilde av Christine Sedlack og Mike Begley.

Yale-studentane Christine Sedlack og Mike Begley Foto: Pål Arne Kvalnes

Kva kom dei fram til? 

Gruppene jobba heile dagen med å gjere research og komma fram til løysningar for dei ulike problemstillingane som dei presenterte for alle mot slutten av dagen. 

– Me lærte mykje nytt av studentane frå OsloMet og me har mange liknande erfaringar i USA som ein har i Noreg, fortel Yale-student Mike Begley.

Gruppa som Begley og Christine Sedlack var del av jobba primært med ulikskapar i kulturell identitet. 

– Unge opplever kanskje ein identitet knytt til familien og heimen, og ein annan når dei er på skulen. For dei unge er det viktig å finna ein måte å knyta kulturen heime og den norsk kulturen saman, seier Sedlack. 

Sedlack trur ikkje ein er nøydd til å velja familiens kultur eller den norske. 

– Det er mogleg å feira begge kulturar. Og eg trur dette ofte startar tidleg i skulealder for mange unge. Dei unge tek til seg verdiar frå foreldra sine, men også andre barn. Og viss dei ser at andre unge er aksepterande og tolerante så vil dei sjølv også vera det, seier ho. 

Ein student hald presentasjon.

Ein av studentgruppane presenterar sine løysningar for publikum. Foto: Pål Arne Kvalnes

Toleranse kan lærast

Sedlack trekkjer fram praksisar frå USA og grunnskulen der. 

– Eg hugsar sjølv frå min eigen grunnskule at me hadde kulturdagar. Det betyr til dømes at me hadde med oss mat frå kulturane våre og at me feira kinesisk nyttår, seier ho.

Ho trekk også fram interesseklubbar for dei unge som inkluderte ungdommane på tvers av kulturar. 

Skattetiltak for mangfald

I tråd med å jobba fram toleranse blant dei unge, gjeld det same for dei vaksne. 

– I USA har me har skatteordningar som skal fremja mangfald i tilsetjingar, seier Mike Begley.

Frode Thorjussen snakkar til publikum.

Avdelingsdirektør for samfunn og innbyggerdialog i Bydel Søndre Nordstrand, Frode Thorjussen snakkar til studentane. Foto: Pål Arne Kvalnes

Han meiner me kunne hatt skattefrådrag for at bedriftar og organisasjonar skal tilsette meir mangfaldig. 

– Eller ein kunne hatt tilsetjingspraksisar som «blinde tilsetjingar». Altså at ein ikkje visste noko om kulturen til dei ein tilsette, seier han. 

Dei unge lærer av dei vaksne. Så då er det viktig at mangfald blir normalisert i arbeidsmarknaden.

Mangfaldige arbeidsmarknader er meir innovative

– Viktigheita av ein mangfaldig arbeidsmarknad er ofte oversett. I USA har over 55 prosent av våre billion dollar-oppstartsbedrifter vorte grunnlagt av innvandrarar, seier Begley. 

I ein økonomi som Noreg der ein er så avhengig av olje trur Begley denne tankegangen er særleg viktig.

– Olje er ein naturressurs me reknar med vil ta slutt. Då må me retta økonomien meir inn mot grøne næringar. Innovasjon er ein viktig faktor då. Og då er me tilbake til dømet med oppstartsbedriftene i USA, seier han. 

Korleis var det å jobba med Yale-studentar?

Yasmine Sqalli kjem frå Søndre Nordstrand og studerer sosialt arbeid ved OsloMet. Ho sette stor pris på å få diskutera problemstillingane med Yale-studentane.

– Ein får fleire nyansar på korleis ein kan sjå velferdssystemet vårt på, seier ho. 

Ho peiker på at ein kjem frå ulike kulturar, bakgrunnar og har med seg ulike erfaringar. Det gjer at ein ser på problemstillingane ulikt. 

– Noko av det me fortel Yale-studentane kjem som eit sjokk på dei, fordi dei har eit heilt anna velferdssystem enn oss, seier Sqalli.

Kva fekk dei sjokk av?

– Til dømes dette med permisjon. At me har mammapermisjon og pappapermisjon som ein rett. At me får sjukmelding når me er sjuke og kan få betalt for å vere vekke frå jobb, seier ho. 

To studentar smilar til ein annan student med ryggen til.

Ei gruppe studentar frå Yale og OsloMet jobbar med problemstillingane. Foto: Pål Arne Kvalnes

Sqalli meiner også det er mange likskapar. 

– Me har også mange av dei same utfordringane med å ha fleire ulike kulturar som skal fungera saman. Korleis kan kulturen heimanfrå passe inn i kulturen til majoriteten?

Automatisk fri på Eid

– Noko av det me diskuterte ein del på gruppa vår var fri frå jobb og skule ved høgtider for ulike kulturar, seier Hasanah Fatima. 

Fatima studerer Bioteknologi- og kjemiingeniør ved OsloMet. 

– Mange stader i USA har dei fri ved Eid, og det blir ført automatisk. I skulen i Noreg må ein seia frå til lærer at ein skal ha fri ved Eid. I Noreg veit lærarane at elevane tek seg fri når det er Eid. Men ein må seia frå om det på førehand for å få dokumentert fråvær, og slik at læraren veit og kan passa på at elevane ikkje går glipp av noko viktig på skulen, seier ho. 

Imponert over studentane

Cecilie Dahl er kommunikasjonssjef i Bydel Søndre Nordstrand og var til stades under Yale-besøket på Holmlia. 

– Dette er eit nytt og spennande samarbeid for oss. Eg er imponert over korleis studentane frå Yale og OsloMet løyste oppgåva. Det var interessant å få inn nokre amerikanske perspektiv på innbyggjarinformasjon, seier ho. 

Ho syntest at studentane frå USA tenkte mykje likt som dei tilsette i bydelen. 

– På mange måtar tenkte studentane ganske likt som oss, men det var likevel idear som kom fram som me ikkje hadde tenkt på sjølv, seier Dahl. 

Publisert: 20.03.2024 | Pål Arne Kvalnes