Medråderett - IDF

Medråderetten til dei tilsette skal sikrast gjennom Informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøtet (IDF). Tenestemannsorganisasjonane og fakultetsleiinga er representert i IDF-møta.

Tenestemannsorganisasjonane Akademikerne, Forskarforbundet, Parat og Norsk Tenestemannslag er representert i det lokale IDF-møtet. Medlemmane finn du i sakspapira. 

IDF-møta blir i utgangspunktet halde i forkant av fakultetsrådsmøta. Saker som ikkje skal til behandling i styret tas med i desse møta. Om saksmengda er stor blir det også halde møte etter behov.

OsloMet har også eit sentralt IDF-utval.