Sjukepleiarar sitt arbeidsmiljø, arbeidshelse og fråfall frå yrket
I dette prosjektet skal vi undersøke utviklinga i arbeidsmiljøet for sjukepleiarar over dei siste 20 åra, samanlikna med andre yrke.
Vi ønsker å finne ut av om sjukepleiarar opplever meir helsemessig fråfall frå arbeidet, og kor mykje av dette fråfallet som blir forklart av arbeidsmiljøet sjukepleiarar blir utsette for, samanlikna med andre yrke med tilsvarande krav til høgare utdanning.
Vidare vil vi undersøke kor mange sjukepleiarar som blir uføre og kva diagnosar som er grunnlaget for uføretrygda. I tillegg vil vi undersøke om det er kjønnsbaserte forskjellar i kven som får tildelt uføretrygd med yrkesskadeerstatning.
Datagrunnlaget for å kunne svare på desse forskingsspørsmåla består av registerdata frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og ulike helseregister (Norsk pasientregister og Kreftregisteret).
Vidare vil vi nytte jobbeksponeringsmatriser som er utvikla baserte på SSB sine levekårsundersøkingar om arbeidsmiljø og rettsavgjerder frå Trygderetten omhandlande uføretrygd med yrkesskadefordel.
Prosjektdeltakere
Eksterne deltakere
- Tom Sterud, Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og -helse (NOA), Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
- Aapo Hiilamo, Laboratory of Population Health, Max Planck Institute for Demographic Research, Tyskland.




