Vi nyttar norske registerdata som omfattar den sysselsette befolkninga i heile landet. For å overkomme avgrensinga til registerdata – mangelen på direkte informasjon om arbeidsmiljøfaktorar – koplar vi registerdata med ulike jobbeksponeringsmatriser (JEM) baserte på dei norske levekårsundersøkingane om arbeidsmiljø.

Desse matrisene kartlegg systematisk kva arbeidsbelastningar og arbeidsmiljøfaktorar sysselsette blir eksponerte for i ulike yrke. 

Med utgangspunkt i norske registerdata og ulike jobbeksponeringsmatriser forskar vi på

  • omfanget av ulike arbeidsbelastningar ulike yrke blir eksponerte for i det norske arbeidslivet
  • kjønns- og profesjonsforskjellar i arbeidsbelastningar og dei helsemessige konsekvensane deira
  • sosial ulikskap og klasseforskjellar i arbeidsbelastningar
  • omfanget av fleire typar arbeidsbelastningar i ulike yrke (kombinerte eksponeringar) og betydning av fleire typar arbeidsbelastningar for sysselsetting og helse over tid
  • samspelet mellom arbeidsbelastningar og omsorgsforpliktelsar for arbeidshelsa til kvinner

Forskingsgruppa er del av forskingsnettverket under Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI).

Dei forskingsmessige målsettingane til gruppa er å

  • vidareutvikle og validere jobbeksponeringsmatriser (JEMer) til bruk i norske registerdata
  • kartlegge fordelinga av arbeidsbelastningar på tvers av kjønn og yrke i Noreg
  • identifisere risikogrupper som er særleg utsatt for fleire typar arbeidsbelastningar 
  • forske på sosial ulikskap og klasseforskjellar i arbeidsbelastningar
  • undersøke korleis ulike arbeidsbelastningar påverkar arbeidshelse over tid 

Forskingsgruppa ønsker å

  • synleggjere forskjellar i arbeidsbelastningar mellom ulike yrkesgrupper og kjønn
  • bidra til økt medvit om tydinga av fleire typar arbeidsbelastningar (kombinerte eksponeringar) for arbeidshelsa
  • bidra med kunnskap som kan redusere ulikskap i arbeidsrelatert helse

Samarbeid

Forskingsgruppa består av forskarar frå Fakultet for samfunnsvitskap, Fakultet for helsevitskap og Senter for profesjonsstudiar. Vi har også eit aktivt samarbeid med Statens institutt for arbeidsmiljø (STAMI).