Kvinner har gjort country stuereint

Claudia Scott på scena med to frå bandet.

Dei har dykka ned i ein tidvis uglesett sjanger, dei to forskarane Kristin Solli ved OsloMet og Stian Vestby på Høgskolen i Innlandet. 

Dei har sett på vesentlege trekk ved den historiske utviklinga, den skiftande statusen og eigenarten til countrymusikken i Noreg. 

– Medan country lenge har vore populært på grasrota og i dei breie laga av folket, har appellen til sjangeren gradvis vorte utvida til nye lyttarsegment og andre klassesjikt, fortel Stian Vestby. 

Mykje av æra for det skal altså dei kvinnelege artistane, som har prega sjangeren, ha.

Frå Det ville vesten til den hippe kretsen

Etter krigen handla mykje av det me i dag kallar countrymusikk, om eksotiske figurar frå Det ville vesten og syngjande cowboyar. 

Arne Bendiksen regjerte med sin karakteristiske twang-vokal og song om Davy Crockett på bergensk.

– Bendiksen bidrog sterkt til å etablera "cowboy" som ei populær musikkform blant det norske publikummet, forklarer Kristin Solli, som mellom anna har henta historisk materiale frå Bendiksens private arkiv. 

Country fanst ikkje som allment kjent omgrep om ein type musikk i Noreg før på slutten av 1960-talet. På 1970-talet og utover kom dette for fullt. 

Nokre namn som peikar seg ut her, er Teddy Nelson, Johannes Kleppevik og Bjøro Håland. Tre karar som er med på å setja norsk country på kartet. 

I dei neste tiåra går country frå å vera synonymt med cowboyar på prærien til å like gjerne handla om livet i norske bygder og til sjøs. Norske musikarar byrja å fortolka musikkforma som ein eigen sjanger. 

Det oppstår eit mangfald av musikalske retningar frå festcountry, til Bjøro Hålands mjuke tonar og til meir rocke- og folkinspirert roots, bluegrass og countryrock. 

Etter tusenårsskiftet og framover skjer det endå meir med countryen. 

– Legitimiteten og statusen til sjangeren auka i takt med utviklinga av stadig fleire uttrykksformer og retningar. Det utvida appellen sin til nye lyttarar, fortel Stian Vestby. 

I seinare tid har det vore snakka mykje om nordicana. Det er ei musikkform som hentar inspirasjon frå mellom anna country. I spissen for denne hippe musikkscena stod artistar som Malin Pettersen, Darling West, The Northern Belle og Signe Marie Rustad.

– Dei første på nordicana-scena var i overveldande grad kvinnelege artistar. Dei leverte musikk på øvste hylle. Dei våga å eksperimentera og vera innovative, men med ordentleg respekt for country som sjanger, for handverket og for formidlarane opp gjennom åra, seier Vestby.

Stian Vestby ser i kameraet ute, med hendene i kors.

– Legitimiteten og statusen til country-sjangeren har auka i takt med utviklinga av stadig fleire uttrykksformer og retningar, fortel Stian Vestby. Foto: Ole Martin Ringlund

Blir tilpassa og forfina

Solli og Vestby har funne to parallelle hovudtendensar som pregar utviklinga dei siste 70 åra. 

Den eine tendensen kallar dei musikalsk gentrifisering. 

– Gentrifisering handlar om at ei musikkform får større aksept blant den utdanna middelklassen og kultureliten. Dermed får ho høgare kulturell status, forklarer Vestby. 

Dei utdanna, ressurssterke og hippe byrjar å interessera seg for lågkulturen til dei mindre privilegert klassane. 

– Country er eigentleg eit ganske godt døme. Han har eit solid rotfeste i arbeidarklassen, seier forskaren. 

Prosessane med gentrifisering har spelt ei sentral rolle i framveksten og legitimeringa av sjangeren. 

Den andre hovudtendensen dei ser, er at sjangeren blir gjenstand for såkalla glokalisering. 

Det betyr rett og slett at det globale møte det lokale. Det vil seia at musikk går frå å vera ei importvare til å tilpassa seg lokale forhold og tradisjonar. Ho utviklar eigne særprega uttrykk. 

– Her får du hardingfele og pedalsteel i skjønn foreining som viser at også country er ein internasjonal sjanger og ikkje berre eit fenomen isolert til USA og det erkeamerikanske, seier Vestby. 

– På midten av 1970-talet song til dømes Teddy Nelson omsette versjonar av klassiske countrysongar på tung vestlandsdialekt om tema frå norsk bygdeliv, utdjupar Solli.

Denne tradisjonen har seinare vorte vidareført av band som Hellbillies og Vassendgutane.

Kristin Solli syngjande på scena med ein gitar.

Kristin Solli jobbar på OsloMet og har skrive artikkelen om den norske countryhistoria saman med Stian Vestby. Begge speler også countrymusikk sjølv. Her er Solli frå scena. Foto: Hans Petter Wille

Damene lagar veg i vellinga

Det er mange som kan dela på "skulda" for at me har fått dei to utviklingstrekka forskarane dreg opp i oversikta si over countryhistoria. 

Mykje av skulda har damene. Og ei som blir trekt fram som sentral her, er artisten Claudia Scott.

– Ho har vore veldig viktig. Trioen ho spelte i med Casino Steel og Ottar «Big Hand» Johansen var del av det nye elitelaget av countrymusikarar. Dei gjorde country framført av norske utøvarar kjempepopulært, fortel Vestby. 

Som i mange andre sjangrar har det lenge vore stor mannsdominans i country. Damene har vorte utsetja for fordommar og nedsetjande kommentarar. Gjerne frå mannlege musikarar eller frå fans som rynkar på nasen og meiner dei ikkje har noko å fara med. 

– Når ei dame heng på seg ein gitar av typen Fender Telecaster, er det med oddsa mot seg. Men dei har stått i det og vist at dei har mykje å fara med. Damene er med på å driva sjangeren i nye og meir innovative retningar, seier ein engasjert countryforskar. 

Claudia Scott er ein songar og låtskrivar som står side om side med to svært erfarne og anerkjende herrar. Ho var eit fullverdig medlem av den trioen tidleg. 

– Innsatsen som nokre av desse pionerane legg ned banar veg for dei som pregar bransjen i dag, påpeikar Solli.

Og då treng me ikkje leita lenge. Ida Jenshus er eitt døme. Ho vart historisk då ho fekk Spellemannpris for dei tre første albuma sine. Ingen har klart det bortsett frå DumDum Boys. 

– Ida Jenshus representerte ein ung, kvinneleg utøvar og låtskrivar. Med sofistikert låtskriving og ei blanding av country, folk, pop, rock og jazz hausta ho anerkjenning frå dedikerte musikkelskarar, den generelle befolkninga og frå eliten, skriv forskarane i studien sin. 

Så har dei komma som perler på ei snor. Malin Pettersen, Embla and the Karidotters, Signe Marie Rustad, Silver Lining og så vidare. Artistar som treffer nye generasjonar, samfunnslag og nisjar. 

Referanse

Vestby, S. & Solli, K. (2023). Fra cowboy til nordicana. 70 år med countrymusikk i Norge (idunn.no). Studia Musicologica Norvegica, 49(1), 116–131.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forsking

Dataskjerm med data.
Ansvaret for personvern kviler på dei svakaste

Det er me forbrukarar som må ta det største ansvaret for å passa på at persondata ikkje blir misbrukt.

Flere personer rundt et bord med pcer, som diskuterer med hverandre.
Disse ferdighetene trenger du i fremtidens arbeidsliv

Kritisk tenkning og kreativ problemløsning er noen av ferdighetene det blir ekstra behov for fremover.

Tankefull kvinne sitter ved et vindu med mørke gardiner.
For dårlig håndheving av besøksforbud

Politiet reagerer ofte for sent og for sjelden når voldsutøvere bryter besøksforbud, ifølge NOVA-rapport..

Publisert: 22.11.2023
Sist oppdatert: 18.01.2024
Tekst: Ole Martin Ringlund | Bettina Grødem Knutsen
Foto: Annette Larsen, Hans Petter Wille