Den viktigaste livsstilsendringa etter kreftdiagnosen startar med jobben

Mann i rutete skjorte med vernehjelm på hovudet i ein verkstad. Han smiler til to kollegaer.

Om lag 17 000 personar i arbeidsfør alder blir ramma av kreft i Noreg kvart år. Gjennom screening blir kreft, eller forstadium til kreft, diagnostisert tidlegare. Det gjer at ein oppdagar og behandlar fleire krefttilfelle blant folk i arbeidsfør alder.

Berekningar viser dessutan at produksjonstapet knytt til jobb kostar meir enn helsetenestekostnadene (osloeconomics.no).

Likevel inngår ikkje arbeidshelse som eit tidleg tiltak i pakkeløpa for kreft.

– Pasienten har ikkje nødvendigvis redusert arbeidsevne, men blir likevel sjukmeld og mistar dei gode tinga som arbeid gir, seier professor og ergoterapeut Randi Wågø Aas.

– Når eit menneske får kreft, er det frå helsevesenet si side mest fokus på det medisinske, naturleg nok. Dette vil også lett bli tilfellet i det nye pakkeforløpet. Det vektlegg behovet til pasientane utover sjølve kreftbehandlinga og oppfølginga.

– Likevel blir det ikkje stilt krav til annan og meir tverrfagleg kompetanse enn den som allereie er involvert i den medisinske behandlinga, opplyser professoren.

Portrett av forskaren.

Professor og ergoterapeut Randi Wågø Aas meiner at arbeidshelse og livsstilsendringar må inn i pakkeforløpa for kreft. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Kva er eit pakkeforløp?

Formålet med pakkeforløp på kreftområdet er at pasientar skal oppleve eit godt organisert, heilskapleg og føreseieleg forløp utan unødvendige forseinkingar (helsedirektoratet.no).

Det finst over 30 pakkeforløp for kreft, og det nyaste  heiter "Pakkeforløp hjem" (helsedirektoratet.no), og har hovudfokus på å kartleggje behovet til pasientane utover sjølve kreftbehandlinga og oppfølginga.

Arbeid og kollegaer er bra for helsa, også når du har kreft

– Den generelle oppfatninga i samfunnet og i helsevesenet er ofte at arbeid er skadeleg for helsa når du har kreft. Samtidig veit vi frå forskinga at arbeid sjeldan er negativt for helsa, unntatt dersom du jobbar i eit negativt psykososialt miljø, seier Aas.

Arbeid regulerer livsstil, og arbeid på eit visst nivå bidreg til at andre ting fell på plass, som til dømes fysisk og sosial aktivitet, rutinar, roller og søvn.

– Å jobbe mens ein er i behandling kan gi alt dette, og førebyggje at ein mistar sosialt nettverk. Åleine kan ein oppleve mykje frykt, som ikkje akkurat er helsefremjande, seier Aas.

Har tru på gradert sjukmelding

Ho er oppteken av at ei sjukmelding som isolerer deg frå arbeid og kollegaer kanskje ikkje er eit godt tiltak, for alle, alltid.

– Det er sjeldan at kreften i seg sjølv gir symptom før han har komme langt, men behandlinga kan vere tøff og i periodar gjere deg dårleg. Det er oftare behandlingsbyrda heller enn sjukdomsbyrda som tyngjer, seier ho.

Aas meiner at ei gradert sjukmelding ville vore betre for mange.

– Men då trengst kompetanse på funksjons- og arbeidsplassvurdering, og tilrettelegging, understrekar ho.

– I Nasjonalt fagråd for arbeid og helse, der eg er medlem, jobba vi for å få ei tverrfagleg vurdering av arbeidshelse inn i pakkeforløpa for kreft. Vi kom med konkrete forslag, men lykkast ikkje i første runde, fortel professoren.

Snakk ikkje om livsstil

I kreftforløpet blir livsstil sjeldan nemnd verken som årsak eller tiltak, og det er godt meint, trur Aas.

– Dei vil ikkje belaste pasienten med skuldkjensle på toppen av kreftdiagnosen. Men for mange som får diagnosen er det nettopp spørsmålet "kva kan eg gjere sjølv for å overleve sjukdommen" som blir viktig.

– Det er det mange kreftsjuke i dag som ikkje lærer noko om, og det sjølv om vi har mykje forsking tilgjengeleg.

Ei kunnskapsoppsummering viste at det samla sett var 37 prosent mindre risiko for å døy av kreft, når personen endra til ein meir fysisk aktiv livsstil rett etter kreftdiagnose (engelsk, ncbi.nlm.nih.gov).

Det er godt dokumentert at om du aukar aktivitetsnivået ditt frå null til litt har det aller størst betydning. Slik kunnskap bidreg til å gjere livsstilsendringar lettare for fleire. Dette vert det snakka det lite om, sjølv om det kan vere livsviktig kunnskap, påpeikar Aas.

– Livsstilsfaktorar har stor innverknad på både kreftførekomst, prognose og risiko for tilbakefall. Så når du først har fått ein kreftdiagnose kan livsstilsendring redusere fare for spreiing.

I USA reknar dei at over 40 prosent av krefttilfella kjem av livsstil (engelsk, acsjournals.onlinelibrary.wiley.com), og at dei med det kan vere mogleg å førebyggje.

Fekk sjølv kreft

Aas har sjølv erfaring med at livsstil ikkje vert snakka om, og at arbeid sest på som noko som kan true behandlingsutbyttet. Ho fekk kreft sjølv for 2,5 år sidan.

– Eg fekk mange råd om å ikkje jobbe. Eg fekk velmeinte råd om at eg burde bruke kreftene mine på å bli frisk, fortel Aas.

– Eg hadde forskingstermin i dette rare korona-året, og skulle paradoksalt nok utvikle ei ny satsing på forsking om kreft og arbeidshelse.

– Då eg sjølv oppdaga svulsten, hadde sjukdommen allereie komme langt. Samtidig hadde eg rokke å lese mange hundre artiklar om kreft, arbeidshelse og livsstil, seier ho.

Vart sjukmeld før ho visste det sjølv

Ho kan ikkje få fullrosa det medisinske tilbodet nok – der fem legespesialistar utgjer eit livsviktig tverrfagleg team og kreftsjukepleiarane følgjer opp behandlinga på ein utmerkt måte.

Men ho er overraska over at det ikkje finst meir tverrfagleg og funksjonsretta kompetanse på rehabilitering i krefttilbodet.

– Då diagnosen kom vart eg 100 prosent sjukmeld med ein gong. Ja, faktisk hadde eg vorte sjukmeld før eg visste det sjølv.

– Men eg opplevde det som verken mogleg eller ønskjeleg for meg å pause jobben min. Jobben vart pusterommet mitt frå sjukdom, behandling og mange sjukehusopphald når eg klarte å bidra, fortel Aas.

I Noreg har vi 12 månaders rettar til sjukelønn, mens kreftbehandling kan vare lengre.

– Du får ikkje 24 månader viss du har jobba 50 prosent til dømes. Vi bør få ordningar som gjer det trygt å jobbe så mykje ein klarer undervegs.

– Når det er gått 12 månader og du framleis er på ein krevjande stad i behandlings- og sjukdomsforløpet, og sjukelønna er brukt opp, blir livet vanskeleg å handtere for mange, fortel Aas.

Redesigne livsstilen

– Det vi ergoterapeutar kallar "Lifestyle redesign" handlar om å få oversikt over noverande og ønskt aktivitetsmønster og redesigne kvardagen i tråd med dette.

– Vi framhevar det å komme tilbake til normal aktivitet som det beste, viss det ikkje er openberre grunnar for det motsette.

Ho fortel at å oppleve meining betyr mykje for arbeids- og funksjonsevna, og for dei fleste vaksne er det meiningsfylt å vere i arbeid.

– Å vere teke frå høvet til å delta i meiningsfulle aktivitetar, sjåast innan aktivitetsvitskapen som ein av dei største helseutfordringane vi har i verda.

– Forskinga vi har til no om effekt av arbeid, viser spesielt god effekt av arbeidsdeltaking på psykisk helse. Derfor vil eg påstå at livsstilsendringar ved kreft bør byrje straks etter diagnose.

– Med ei kvalifisert arbeidsplassvurdering og tilrettelegging av arbeidsmoglegheitene for den enkelte, før ein konkluderer med 100 prosent sjukmelding, avsluttar professor og ergoterapeut Aas.

Om Randi Wågø Aas

Randi Wågø Aas fekk Erganeprisen 2022 for mangeårig forsking og kunnskapsutvikling på folkehelse, arbeidshelse, retur til arbeid og aktivitet og deltaking som behandling.

Ho er sosial entreprenør i tillegg til forskar. Ho grunnla "Sense of Science" som utviklar nye digitale løysingar for å korte ned tida det tek frå forsking når ut i praksis og politikk. Sense of Science er no lokalisert i Gründergarasjen ved OsloMet.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Mann sitter ute på benk med ryggen til og ser utover landskap.
Depresjon: – En fjerdedel av oss vil bli rammet i løpet av livet

Depresjon er en av de vanligste psykiske lidelsene. Hvilke tegn bør vi se etter og når er det på tide å oppsøke hjelp?

Geir Hammer i midten løper opp en bakke sammen med andre fra treningsgruppa.
Trening etter hjertesykdom kan redde liv

Hjertepasienter som deltar på rehabilitering, har mye lavere risiko for å dø av ny hjertesykdom. Problemet er at mange ikke får tilbud om rehabilitering.

Person i rullestol, sett bakfra
Skadde får lite hjelp når de vil tilbake i jobb

Hvordan fungerer samarbeidet mellom NAV, lokale helsetjenester og spesialisthelsetjenesten når de møter et menneske i krise?

Illustrasjonsbilder av person i rullestol som sitter ved et bord og fyller ut et skjema.
Funksjonshemmede går fra å være problem til å bli ressurs i arbeidslivet

Funksjonshemmede kan være en stor ressurs i arbeidslivet, samtidig som mange trenger tilrettelegging. Her møter ansatte i NAV dilemmaer når de skal bistå folk i arbeid.

Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 16.01.2023
Sist oppdatert: 16.10.2023
Tekst: Marit Christiansen
Foto: NTB / Maskot