Nesten halvparten seier dei ikkje har nok mat på asylmottak

Eple som blir skore opp på skjerefjøl med ein stor kniv.

– Data frå undersøkinga vår viser at matuvisse i dei norske asylmottaka er eit utbreidd og alvorleg problem, seier OsloMet-forskar Laura Terragni.

Ho og forskarkollega Sigrun Henjum har undersøkt mattryggleik blant asylsøkjarar i norske asylmottak. Studien vart gjennomført i 2017 i åtte asylmottak i Sør-Aust-Noreg.  

Funna viser altså at 44 prosent opplever å vera svelta i asylmottak.

Laura Terragni i grønnsaksavdeling i butikk

OsloMet-forsker Laura Terragni. Foto: Benjamin Ward/OsloMet

– Då har deltakarane i undersøkinga til dømes svart positivt på spørsmålet «Eg er ofte svolten, men et ikkje fordi eg ikkje har råd til nok mat» og «Eg et mindre enn det eg synest eg burde fordi eg ikkje har nok pengar til mat», seier Henjum.

– Å ikkje ha nok mat har konsekvensar for helsa vår. I tillegg tyder funna på at det ligg føre brot på retten til mat som uttalt i FNs verdsfråsegn for menneskerettar. I ein prekær situasjon som å bu på eit asylmottak har mat ein viktig funksjon for å gjenoppretta eit normalt liv. Å ikkje ha nok mat og ikkje ha tilgang til mat som er kulturelt akseptabel kan skapa stress og bekymringar som kan ha konsekvensar for psykisk helse og velvære, seier Terragni.

Bekymrar seg for om dei har mat i morgon

Ein endå større del, ni av ti, er såkalla matusikre. Det vil seia at dei ikkje har tilgang til nok, trygg og næringsrik mat for å kunna leva eit aktivt og sunt liv.

– For å vera matsikker er det ikkje nok «å vera mett» i dag, men ein skal heller ikkje bekymra seg for om ein har mat til seg sjølv og familien «i morgon», seier  forskarane.

Berre sju prosent av deltakarane i studien kan beskrivast som matsikre.

– Til samanlikning viste ein survey gjort av SIFO ved OsloMet at tre prosent av den norske befolkingen opplever at dei ofte eller nokre gonger ikkje har nok å eta, seier ho.

Forskarane fann ingen skilnad i mattryggleik mellom dei som har fått søknaden om opphald godkjent eller dei som har fått avslag på søknaden.

Barnesvolt

Når det gjeld familiar med barn opplever åtte av 41 familiar matuvisse med barnesvolt. Det vil seia at 20 prosent av barnefamiliane opplever at barna deira svelt.

Då svarer dei til dømes at dei nokre gonger eller ofte «ikkje kan gi barnet/barna mitt/mine maten eg synest dei bør få fordi eg ikkje har råd til det.»

Som ei mor seier i dei kvalitative intervjua: «Det viktigaste er at barna får mat. For oss vaksne er det ikkje like viktig.»

Økonomi stadig eit tema

– Kvifor opplever så mange på asylmottak å vera svoltne eller vera usikre på om dei har nok mat i morgon?

– Me har ikkje spurt kvifor i den kvantitative studien vår, men me finn at dei som er matsikre, har større månadleg budsjett enn dei som kjem i kategorien matusikre. I den kvalitative delen av studien blir økonomi stadig nemnd som eit tema, seier Terragni.

Enkeltpersonar som bur på asylmottak får inntil 2450 kroner per månad. Ifølgje SIFOs referansebudsjett treng kvinner cirka 2240 kroner og menn 2790 kroner berre til kjøp av mat.

Avgrensa kunnskap

Ho trur òg at lite kjennskap til maten som finst i norske butikkar, avgrensa kunnskap om korleis ein lagar mat og dårlege forhold for matlaging på asylmottaka kan vera moglege årsaker.

– Både på grunn av språket og fordi maten som finst i dei norske butikkane kan vera annleis enn ein er vant til. Då blir det vanskelegare å kjøpa billig og sunn mat, seier forskaren.

Ho er heller ikkje framand for at livssituasjonen til mange av bebuarane kan påverka maten dei et.

– Å vera busett lenge på asylmottak medan ein ventar på «eit svar» eller klagar på avslag kan vera tung. Dagane blir lange, ein kan mista døgnrytmen og måltida blir lite strukturerte.

Fleire menn enn kvinner

Ifølgje studien hadde mennene nesten fem gonger så stor sjanse for å oppleva matuvisse som kvinner.

– Noko av det kan sannsynlegvis forklarast med skilnader i kunnskap om matlaging. Ein av tre av mennene kunne laga mat, medan det gjaldt ni av ti av kvinnene, seier Sigrun Henjum.

Lite variert mat

Forskarane har òg undersøkt kva bebuarar åt og drakk dagen før dei vart intervjua.  

– Desto fleire matvaregrupper ein et, desto betre kvalitet har kosthaldet. Det er tilrådd å ha mat frå minst 5 av 10 matvaregrupper i løpet av dagen. Har ein under 5 matvaregrupper, er kosthaldet lite variert, forklarer Henjum.

Portrett Sigrun Henjum

OsloMet-forsker Sigrun Henjum. Foto: Sonja Balci

Analysane viser at seks av ti bebuarar åt mindre enn fem matvaregrupper dagen før. Her var det òg skilnad mellom kvinner og menn. Heile 66 prosent av mennene hadde eit inntak av mindre enn fem matvaregrupper, medan det same gjaldt 49 prosent av kvinnene.

– Me treng variert mat. Ein ser ofte at folk med dårlege ressursar har tendens til å ha eit einsidig kosthald basert på billigare matvarer. Dette kan vera skadeleg for helsa, seier ho.

Som ein av bebuarane beskriv det i dei kvalitative intervjua: «Mot slutten av månaden, når me byrjar å gå tom for pengar, et eg mykje bulgur. Bulgur med egg, tomatar og krydder. Bulgur med tomatar and krydder. Eller berre bulgur med krydder.»

Om studien

Studien vart gjennomført i 2017 i åtte asylmottak i Sør-Aust-Noreg, og består av både ein kvalitativ og ein kvantitativ del.

Den kvantitative studien bestod av 205 vaksne menn og kvinner over 18 år busette i ordinære mottak i Søraust-Noreg. Målet var å få ei betre forståing av rammene rund mat og måltida og vita meir om asylsøkjarar erfaringar med mat på asylmottak.

Korleis betre situasjonen?

Henjum og Terragni har fleire tankar om kva som kan gjerast for å betra situasjonen.

– Betring av matsituasjonen på asylmottak vil krevja tiltak på ulike nivå, sidan det er fleire årsaker til at menneske som bur på asylmottak kan vera matusikre. Livssituasjonen på mottak er krevjande og dårleg økonomi er sjølvsagt ei avgrensing, seier Terragni.

Samtidig meiner dei at fleire tiltak kan setjast i gang lokalt.

– Tiltak som kan hjelpa kan vera å auka kunnskapen om å laga mat, å hjelpa bebuarane å orientera seg i norske butikkar, å gi fleire høve til å laga mat ein kjenner frå eige land og å gjera måltida meir sosiale og hyggjelege, avsluttar ho.

Referansar

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 19. juni 2018.

Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 12.07.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Relatert forsking

Knust ølflaske
Skulen har mykje å seia for ungdoms alkoholbruk

Alkoholforbruket er høgast på dei skulane i Oslo der russetida står sterkt og der mange av elevane har foreldre med høg utdanning og inntekt.

Arild H. Steen - prosjektleiar for YS Arbeidslivsbarometer.
Skyer i arbeidslivshorisonten

I ti år har Arild Henrik Steen målt trykket i norsk arbeidsliv.

To kvinner som står og snakker med hverandre med et kontorlandskap synlig i bakgrunnen
Slik blir du en bevisst leder

– Skaff deg innsikt i hvordan du virkelig virker som leder.

Personer i en park
Vi vil velge naboene selv

Særlig gjelder det høyinntektsgrupper, viser en studie utført ved OsloMet.

Barn som holder en kvinne i hånda
To av tre kommuner mener de kan fortsette å bosette et høyt antall flyktninger

Mange kommuner mener de fortsatt har stor kapasitet for å ta imot flyktninger.

Glassgate, arkitektur
– Konflikter må håndteres tidlig

Når følelser trigges blir konflikter vanskelige.