English version

Aktivitetsven for personar med demens

Dette prosjektet skal undersøkje korleis ordninga med aktivitetsven for personar med demens fungerer.

Frivillig arbeid blir nemnt som eit viktig bidrag til helse- og omsorgspolitikken i sentrale offentlege dokument som Demensplan 2020, Folkehelsemeldingen (Meld. St. 19 2014–2015) og den nasjonale strategien for frivillig arbeid (2015–2020).

Ein del av det frivillige arbeidet i helse- og omsorgssektoren blir retta mot personar med demens – ein diagnose som vil bli meir utbreidd fram mot 2040 parallelt med utviklinga av eit stadig meir aldrande samfunn.

Temaet for forskingsprosjektet er eit frivillig tilbod som blir gjennomført som eit samarbeid mellom frivillige og det offentlege i over 200 kommunar over heile landet.

Ifølgje nettsida til Nasjonalforeininga for folkehelsa er ein aktivitetsven «ein frivillig, som med kurs og rettleiing frå Nasjonalforeininga for folkehelsa, gjer aktivitetar saman med ein som har demens».

Sjølv om aktivitetsvener yter ein stor innsats i mange norske kommunar, veit vi lite systematisk om funksjonen av ordninga i den kommunale omsorgspolitikken, og dessutan dens betydning for frivillige og personar med demens. Det grunngir eit forskingsprosjekt som analyserer aktivitetsvenordninga på bakgrunn av kvalitative og kvantitative data.

Forskingsspørsmål

I prosjektet tek vi sikte på å svare på følgjande spørsmål særskilt grundig:

Desse problemstillingane blir svarte på ved hjelp av ein survey retta mot mange aktivitetsvener og kvalitative intervju. Resultata av prosjektet blir også relaterte til den nasjonale og internasjonale forskingslitteraturen om frivilligheit.

Aktuelt frå prosjektet

Illustrasjonsbilde av to eldre kvinner som spiller kort.
Demenshjelpere inspireres av å være til nytte og glede for andre

Frivillige aktivitetsvenner motiveres av ønsket om å hjelpe andre, men i like stor grad av at det er interessant, lærerikt og meningsfullt, ifølge en ny studie fra NOVA.