Prosjektet har til hensikt å klargjere for implementering av app-basert oppfølging etter deltaking i hjarterehabilitering.
Dette prosjektet bygger vidare på ph.d.-prosjektet Langtidsoppfølging av hjartepasientar med ein smarttelefon-applikasjon.
Med utgangspunkt i funn frå ph.d.-prosjektet ønskte vi å fremme raskare implementering av evidensbasert kunnskap i praksis. For å førebu implementering av app-basert individuell oppfølging etter hjarterehabilitering, nytta vi både kvalitative og kvantitative metodar.
Først blei pasientane sine erfaringar med eitt års app-oppfølging undersøkt, deretter blei dei langsiktige effektane, fire år etter intervensjonen evaluert. Vi kartla også helsepersonell og leiarar sine forventningar til nytte og aksept av app-basert oppfølging, og identifiserte store barrierar på makronivå.
Som følgje av dette blei den opphavlege planlagde implementeringsstrategien erstatta av to delstudiar:
- evaluering av helsekompetanse hos deltakarar i hjarterehabilitering
- vurdering av effekten av eitt års app-oppfølging på helsekompetanse
Prosjektdeltakarar
Samarbeidspartnarar
- Lovisenberg rehabilitering, Cathinka Guldbergs sjukehus
- Volvat Nimi