English version

Digital oppfølging av pasientar med type 1 diabetes i spesialisthelsetenesta (DigiDiaS)

Prosjektet skal auka kunnskapen om brukarstyrt behandling og bruk av digitale verktøy i oppfølginga av pasientar med diabetes type 1 ved ein endokrinologisk poliklinikk.

Kunnskapen skal bidra til at tenestene ved Ahus blir utvikla i samsvar med behovet til pasientane for støtte til eigenbehandling og ønsket til poliklinikken om å gi fleksibel og behovstilpassa oppfølging.

Gjennom prosjektet ønskjer me spesielt å få kunnskap om

Det tette samarbeidet mellom forskarar og praksisfeltet står sentralt i prosjektet, og brukarmedverknad med involvering av både tilsette og pasientar har vore viktig i både førebuingane og gjennomføringa.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Akershus universitetssjukehus (Ahus) og OsloMet.

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    Nye digitale løysingar opnar moglegheiter for å leggja til rette for fleksibel og behovstilpassa oppfølging og har potensial til å bidra i utviklinga av ei berekraftig helseteneste.

    I 2021 vart ei digital appbasert løysing med dette formålet teke i bruk på endokrinologisk poliklinikk på Ahus i oppfølginga av pasientar med diabetes type 1.

    Dette prosjektet har som formål å evaluera det nye digitale tilbodet og identifisera eventuelle behov for vidare utvikling.

    Til prosjektet rekrutterer me både pasientar og helsepersonell ved poliklinikken. Pasientar som ønskjer å vera med i studien får tilsendt eit spørjeskjema ved to måletidspunkt med eitt års mellomrom. Dette er for å kunna undersøkja eventuelle endringar over tid.

    I tillegg vil me gjennomføra observasjonar av konsultasjonar og individuelle intervju med både pasientar og helsepersonell for å utforska tilfredsheita med den digitale løysinga.

    Resultata vil ha innverknad på tenestene som blir gitt ved endokrinologisk poliklinikk på Ahus og sikre at løysinga blir utvikla i tråd med behova til både klinikken og pasientane.

    Prosjektet vil også bidra til kunnskap om digitale verktøy i oppfølginga av pasientar med diabetes type 1.