English version

Fødselsprogresjonsstudien

Hovudformålet var å undersøkje kliniske konsekvensar ved bruk av to ulike retningslinjer for vurdering av framgang i fødsel for å redusere frekvensen av keisarsnitt utan at det påverka helsa til mor eller barn negativt.

I perioden desember 2014 til januar 2017 vart 7277 deltakarar inkluderte ved 14 fødeavdelingar i Noreg gjennom ein multisenter clusterrandomisert studie.

Sju fødeavdelingar vart randomiserte til kontrollgruppa og til å ta omsyn til standard retningslinje for vurdering av framgang i fødsel (WHO-partogrammet).

Sju avdelingar vart randomiserte til intervensjonsgruppa og til å ta omsyn til Zhang sin retningslinje for vurdering av framgang i fødsel. Resultata var overraskande!

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    Langsam framgang i fødsel er den hyppigaste årsaka til akutte keisarsnitt, trass i manglande konsensus om definisjon på langsam framgang i fødsel, nasjonalt og internasjonalt.

    For å visualisere fødselsprogresjonen blir mormunns-dilatasjonen til kvinna dokumentert i eit partogram.

    Tradisjonelt sett følgjer fødselsprogresjonen ei lineær kurve basert på prinsipp om mormunns-dilatasjon i samsvar med Friedman si forsking på 1950-talet.

    WHO-partogrammet er basert på Friedman si kurve og har sidan 1997 vore det tilrådde verktøyet for vurdering av framgang i fødsel.

    I 2010 presenterte Zhang ei ny dynamisk retningslinje basert på ein kohort på nesten 27 000 førstegongsfødande kvinner.

    Den nye retningslinja avvik markant frå Friedman si kurve, ved at mormunnen dilaterer saktare før seks centimeter, for så å akselerere raskare frå seks centimeter.

    Samanlikna effekten av dei to retningslinjene

    LAPS er den første studien som har samanlikna effekten av dei to retningslinjene for vurdering av framgang i fødsel. 

    Resultata viste ein nedgang i akutte keisarsnitt på 26,7 prosent i gruppa som tok omsyn til Zhang si retningslinje. Samtidig viste resultata ein reduksjon på 37,8 prosent for dei som var i kontrollgruppa. 

    Forskjellen i keisarsnittfrekvens mellom gruppene var ikkje statistisk signifikant, men viste altså ein markant generell nedgang i keisarsnittsfrekvens gjennom gjennomføringa til studien. Resultata viste at dei i intervensjonsgruppa hadde lenger fødselsforløp samanlikna med kontrollgruppa.

    Sjølv om det ikkje var forskjell i andel deltakarar som fekk fødselen stimulert med oxytocin i dei to gruppene så var det signifikant færre som fekk oxytocin før ein mormunnsåpning på seks centimeter i intervensjonsgruppa samanlikna med kontrollgruppa.

    Varigheit av stimulering var lengre i intervensjonsgruppa samanlikna med kontrollgruppa. Det var heller ikkje forskjell i fødselsoppleving mellom dei to gruppene. Hovudresultata frå studien vart i 2019 publiserte i det anerkjende tidsskriftet The Lancet.

    LAPS har fått stor merksemd nasjonalt og internasjonalt og har vorte inkludert i WHO sitt arbeid med å revidere gjeldande retningslinjer for vurdering av framgang i fødsel som resulterte i publikasjon av WHO si nye og tilrådde retningslinje "The Labour Care Guide" i 2020.

  • Samarbeidspartnarar

    • Oslo senter for biostatistikk og epidemiologi, Oslo universitetssjukehus
    • Sjukehuset Østfold
    • Bærum sjukehus
    • Drammen sjukehus
    • Sjukehuset i Elverum
    • Lillehammer sjukehus
    • St. Olavs hospital, Universitetssjukehuset i Trondheim
    • Universitetssjukehuset i Nord-Noreg, Tromsø
    • Nordlandssjukehuset, Bodø
    • Stavanger universitetssjukehus

Forskingsnyheiter frå prosjektet

Kvinne i en sykehusseng med et nyfødt barn på magen
– Fødende kvinner blir overbehandlet i dag

Ny studie gir innsikt i hva som kan være viktig for å få ned antall unødvendige keisersnitt.