Fysisk aktivitet blant ungdom i bydel Søndre Nordstrand

Det overordna formålet med prosjektet er å identifisere folkehelsetiltak for å auke fysisk aktivitetsnivå blant ungdom i bydel Søndre Nordstrand.

Vi vil utforske bruk av ei systemtilnærming der vi gjennom workshops og intervju innhentar kunnskap og erfaringar frå ulike aktørgrupper i bydelen, inkludert ungdom, kommunetilsette på tvers av avdelingar og personar som representerer frivilligheita, til dømes idretts- og fritidsklubbar.

Med prosjektet har vi som mål å skaffe kunnskap om faktorar som er viktige for ungdom sitt nivå av fysisk aktivitet i bydel Søndre Nordstrand, samtidig som vi skaffar erfaring med bruk av ein workshop-basert systemtilnærming som metode.

Prosjektet vil innebere eit nært samarbeid mellom OsloMet og bydel Søndre Nordstrand, og har potensial til å utvikle seg til ein langsiktig kunnskapsallianse knytt til folkehelsespørsmål i ein mangfaldig og levekårsutsett bydel.

Prosjektet er finansiert av såkornmidlar frå OsloMet si satsing på barn og unge.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

  • Bydel Søndre Nordstrand, Oslo
  • Universitetet i Bath, England