English version

IPIC-studien

Effekten av eit tverrprofesjonelt læringsprogram på brukarmedverknad blant eldre personar i korttidsrehabilitering: Ein kvasi-eksperimentell studie.

Gjennom IPIC-studien er intensjonen å utvikla og gjennomføra ein læringsintervensjon for helsepersonell i korttidsrehabilitering i helsehus basert på tverrfagleg simuleringsmetodikk.

Læringsintervensjonen skal ta utgangspunkt i  den tverrfaglege oppstartssamtalen når pasientar kjem til helsehus som ei kontekstualisering av spørsmålet "Kva er viktig for deg?".

Vidare vil me vurdera effekten av læringsintervensjonen på brukarmedverknad, fysisk funksjon, personsentrert omsorg og pårørandebelastning.

Brukarmedverknad er assosiert med betre utfall av rehabiliteringa, auka pasienttilfredsheit, styrkt autonomi og livskvalitet, som endeleg kan føra til at eldre personar bur lengre heime.
Dette betyr lågare kostnader for samfunnet samla sett.

  • Deltakarar

    Laster inn ...
  • Mer om prosjektet

    I forkant vil me omsetja og validera to kliniske verktøy: The 4Ps og PREM. Prosjektet nyttar mixed-method og er eit kvantitativt drive prosjekt med ein kvalitativ komponent.

    Hovudprosjektet har eit kvasi-eksperimentelt design  der læringsintervensjonen er basert på simuleringsmetodikk som vil få fram kvalitativt data.

    For å måla effekten, vil éi gruppe pasientar rekrutterast frå avdeling der personalet har gått gjennom læringsprogrammet, og blir samanlikna med ei kontrollgruppe.

    Tre vurderingar vil gjennomførast ved innkomst helsehus, ved utreise og etter tre månader.

    Primærresultat er brukarmedverknad, medan sekundærresultat er pasientfunksjon, pasienterfaringar og pårørandebelastning.

    Me forventar at resultata vil gi auka kunnskap og medvit hos helsepersonell, og dessutan fremja eit godt samarbeid mellom bydel og helsehus.

    Prosjektet vil derav få fram kunnskap som kan resultera i serviceinnovasjon; nye perspektiv og forbetring av forløp gjennom helsehus.

    Bakgrunn for prosjektet

    Korttidsplass i helsehus fungerer som ei bru mellom sjukehus og heim for eldre med kompleks problematikk. Målet er å hjelpa pasienten heim.

    Brukarmedverknad betyr at dei som får hjelp har rett til å medverka.

    Sjølv om brukarmedverknad er ein av hjørnesteinane innanfor rehabilitering, ein demokratisk rett og eit politisk mål, viser forsking at eldre pasientar og dei pårørande i helsehus ikkje opplever tilstrekkeleg involvering.

    Helsepersonell rapporterer likeins at brukarmedverknad er vanskeleg, og at standardiserte forløp og lite ressursar kan stå i eit motsetningsforhold til det faktiske behovet til pasienten.

    Det er såleis behov for auka kunnskap om implementering av brukarmedverknad i den kliniske kvardagen.

    Brukarmedverknad

    For å sikra eit behovsidentifisert prosjekt har me gjennomført eit før-prosjekt inspirert av James Lind Alliance-metoden, der ei styringsgruppe beståande av brukarrepresentantar, pårørande og helsepersonell, gjennom innspel frå praksis, stemde fram ei topp ti-prioriteringsliste på aktuelle forskingstema.

    Prioriteringslista er utgangspunkt for problemstillinga og forskarspørsmålet for prosjektet. Styringsgruppa vil følgja prosjektet gjennom heile prosjektperioden.

    Publikasjonar

    Hartford Kvæl, Linda Aimee; Bergland, Astrid (2021). The practice environment’s influence on patient participation in intermediate healthcare services – the perspectives of patients, relatives and healthcare professionals (bmchealthservres.biomedcentral.com).