English version

Husbanken 75 år – jubileumsbok

I dette prosjektet blir Husbanken og den nyare historia til bustadpolitikken (1996–2021) analysert på bakgrunn av eit stort og variert kjeldemateriale.

Boka er meint som eit bidrag til den akademiske forskingslitteraturen om norsk bustadpolitikk spesielt og den norske velferdsstaten generelt. Husbanken og bustadpolitikken blir ofte utelaten i faglitteraturen om velferdsstaten.

Det er vanskeleg å få plass til alle relevante tema innanfor to permar, men det kan like fullt argumenterast for at forbigåelsen av bustadsektoren er ein blindflekk i litteraturen om den nyare historia i den norske velferdsstaten. Ikkje minst gjeld dette fordi bustadpolitikken er eit saksfelt som har gått gjennom djuptgripande endringar frå slutten av 1970-talet.

I motsetning til mange andre deler av velferdsstaten – som blir kjenneteikna av historisk kontinuitet eller ekspansjon – er det snakk om nedskjering, omforming og deregulering i bustadsektoren. Dermed vil boka utfordre og utdjupe biletet som blir teikna av den norske velferdsstaten i annan faglitteratur.

Prosjektet blir rapportert i form av ein illustrert faghistorisk bok i 2021.

Sentrale tema