Kunnskapsgrunnlag – Utviklingsplan Vestland fylke
Vestland fylkeskommune skal vidareutvikle utviklingsplanen (planstrategi) for Vestland fylke som eit sterkt verktøy for beredyktig utvikling. Prosjektet skal bidra i dette arbeidet ved å oppdatere kunnskapsgrunnlaget og gjennomføre ei regional analyse av sentrale utviklingstrekk og kommunale og regionale variasjonar.
Prosjektet skal også evaluere bruken av Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 og involvering i planarbeidet blant tilsette i fylkeskommunen og blant kommunar og andre sentrale aktørar i fylket.
Vidare skal det gjennomførast ei framsynsanalyse av styrker, svakheiter og truslar for samfunnsutviklinga i Vestland, som skal liggje til grunn for ein scenarioprosess som utviklast saman med eit strategisk utval aktørar i fylket gjennom tre verkstader.
Målet er å tydeleggjere dei viktigaste utfordringsbileta og moglegheitsrommet for ei beredyktig og heilskapleg utvikling. Kunnskapsgrunnlaget skal liggje til grunn for rulleringa av Utviklingsplan for Vestland 2024-2028.
-
Prosjektdeltakere